Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skatteinntektene auka med 8,5 prosent
Frå januar til november 2008 vart det betalt inn 703,4 milliardar kroner i skatt. Det er ein auke på 8,5 prosent eller 55,3 milliardar samanlikna med den same perioden i 2007.
Skatteinnbetalingane til primærkommunane auka med 6,2 milliardar eller 6,5 prosent samanlikna med same periode i 2007. Innbetalingane utgjorde totalt 100,8 milliardar. Skatteinngangen til fylka var 20,3 milliardar, noko som tilsvarer ein auke på 1 milliard eller 5,5 prosent i forhold til same periode i 2007.
Til folketrygda totalt vart det betalt inn 196 milliardar kroner. Av dette var 114,5 milliardar arbeidsgjevaravgift, medan 81,5 milliardar kroner var medlemspremie. Samanlikna med 2007 var det samla sett ein auke på 19,7 milliardar kroner, eller 11,2 prosent, i innbetalte skattar til folketrygda.
Frå august 2008 rapporterer alle kommunar skatteinngangen på det nye rapporteringssystemet SOFIE (Skatt, Oppfølging, Forvaltning, Innfordring og Ettersyn). For meir informasjon om SOFIE, sjå NOU 2007:12 Offentlig innkreving . Omlegginga til nytt rapporteringssystem er årsaka til at SSB til denne publiseringa ikkje har fått laga tabellen som gjev tal for ordning og art. Nytt er at statistikken no også inkluderer skatteinngangen for Svalbard. SSB kan her berre gje totaltal, det vil seie at tala ikkje er spesifiserte på dei ulike skattetypane. For meir om lønsskattlegginga på Svalbard, sjå Skattedirektoratet, SKD-melding nr. 9/08 . SSB har også valt å rapportera fire nye skattevariablar; toppskatt, fellesskatt, særskatt på oljeinntekter og ordinær skatt på oljeinntekter. Desse tala kan finnast i Statistikkbanken. I tabellane 1 og 2 er dei, som tidlegare, samla under posten ”Rest”. På grunn av dei nemnde endringane har SSB starta ein ny tidsserie for Skatterekneskapsstatistikken i Statistikkbanken f.o.m. august 2008. Dei tidlegare tala kan finnast i høvesvis tabellane 03728 og 05284. |
Tabeller:
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71