23506_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23506
Skatteauke på 15,6 prosent i 2008
statistikk
2009-01-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapdesember 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteauke på 15,6 prosent i 2008

Totalt blei det innbetalt 755,4 milliardar i skatt i 2008. Dette er ein auke på 102 milliardar eller 15,6 prosent i forhold til 2007.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-desember frå 2006 til 2007 og frå 2007 til 2008

Den sterke auken kjem av ein vekst i innbetalte oljeskattar på 53,2 milliardar eller 28,2 prosent frå 2007. Samla utgjorde oljeskattane 242 milliardar. Om ein ser bort ifrå innbetalte oljeskattar, har skatteinntektene auka med 48,8 milliardar eller 10,5 prosent samanlikna med 2007.

Ordinær skatt til primærkommunane utgjorde 102,4 milliardar, ein auke på 5,6 milliardar eller 5,8 prosent samanlikna med 2007. Fylka fekk ein skatteauke på 4,9 prosent til 20,7 milliardar kroner.

Samla skatteinntekter til Folketrygda var 198,3 milliardar. Av dette beløpet var 115 milliardar arbeidsgjevaravgift og 83,2 milliardar medlemspremie. Auken i forhold til 2007 var høvesvis 11,0 og 11,6 prosent.

Frå august 2008 rapporterer alle kommunar skatteinngangen på det nye rapporteringssystemet SOFIE (Skatt, Oppfølging, Forvaltning, Innfordring og Ettersyn). For meir informasjon om SOFIE, sjå NOU 2007:12 Offentlig innkreving . Omlegginga til nytt rapporteringssystem er årsaka til at SSB til denne publiseringa ikkje har fått laga tabellen som gjev tal for ordning og art.

Nytt er at statistikken no også inkluderer skatteinngangen for Svalbard. SSB kan her berre gje totaltal, det vil seie at tala ikkje er spesifiserte på dei ulike skattetypane. For meir om lønsskattlegginga på Svalbard, sjå Skattedirektoratet, SKD-melding nr. 9/08 .

SSB har også valt å rapportera fire nye skattevariablar; toppskatt, fellesskatt, særskatt på oljeinntekter og ordinær skatt på oljeinntekter. Desse tala kan finnast i Statistikkbanken. I tabellane 1 og 2 er dei, som tidlegare, samla under posten ”Rest”.

På grunn av dei nemnde endringane har SSB starta ein ny tidsserie for Skatterekneskapsstatistikken i Statistikkbanken f.o.m. august 2008. Dei tidlegare tala kan finnast i høvesvis tabellane 03728 og 05284.

Tabeller: