23504_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23504
Skatteinntektene auka i januar
statistikk
2009-02-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjanuar 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinntektene auka i januar

I januar i år blei det til saman innbetalt 64,7 milliardar i skatt. Dette tilsvarer ein auke på 6,9 milliardar eller 12 prosent samanlikna med januar 2008.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar 2007-2008 og 2008-2009

Til kommuneforvaltninga totalt vart det innbetalt 15,9 milliardar kroner i skatt, ein auke på 1,3 milliardar eller 8,9 prosent. Skatteinngangen til primærkommunane auka med 1,1 milliardar eller 8,9 prosent til 13,2 milliardar. Samla skatteinnbetalingar til fylka utgjorde 2,7 milliardar, ein auke på 218 millionar eller 8,8 prosent.

Totale innbetalingar til Folketrygda utgjorde 32,4 milliardar, ein auke på 12,6 prosent eller 3,6 milliardar. Av dette beløpet var 21,7 milliardar arbeidsgjevaravgift og 10,7 milliardar medlemspremie. Samanlikna med januar 2008 er dette ein auke på høvesvis 12,0 og 13,8 prosent.

Tabeller: