23502_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23502
Stor auke i oljeskattane
statistikk
2009-03-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapfebruar 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i oljeskattane

Det blei innbetalt 126,8 milliardar kroner i skatt i perioden januar-februar 2009. Dette er ein auke på 39,7 milliardar, eller 45,5 prosent, samanlikna med 2008. Den kraftige auken kjem av innbetalte oljeskattar på 35,6 milliardar.

Skatteinngangen fordelt på  fylke. Prosentvis endring januar-februar 2007-2008 og 2008-2009

Frårekna innbetalte oljeskattar var auken i skatteinngangen svak. Til saman blei det innbetalt 91,1 milliardar kroner i skatt utan oljeskattar. Dette er ein auke på 4,3 milliardar, eller 4,9 prosent, samanlikna med den same perioden i 2008.

Skatteinnbetalingane til primærkommunane auka med 455 millionar kroner, eller 3,2 prosent, til 14,5 milliardar. Fylka hadde ein samla skatteinngang på 3 milliardar. Dette er ein auke på 119 millionar, eller 4,2 prosent, frå 2008.

Arbeidsgjevaravgift til folketrygda utgjorde 22,4 milliardar kroner, ein auke på 1,6 milliardar eller 7,7 prosent. Samanlikna med den same perioden i 2008 auka medlemsavgifta med 933 millionar kroner, eller 9,2 prosent, til 11,1 milliardar kroner.

Tabeller: