Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Oljeskattane høgare i august i år enn i fjor
Det blei innbetalt 471 milliardar kroner i skatt i perioden januar-august i år. Skatteinnbetalingane hittil i år er framleis mindre enn dei var på same tid i fjor, men i kvar av dei siste månadene har innbetalingane i år vore større enn for dei same månadene i 2009.
I august var det eit hovudforfall på oljeskattar. Innbetalinga i denne terminen var større enn i den tilsvarande terminen i fjor. Det er fyrste gong i år at ein betalingstermin for oljeskatt ga større innbetalingar enn same terminen i fjor. Oljeskattane hittil i år er framleis mindre enn i fjor, men reduksjonen er no nede i litt over 20 prosent. Tidlegare i år var nedgangen om lag 40 prosent.
Marginale endringar elles
Tala i denne publiseringa syner knapt endringar i tala for andre upersonlege skattytarar, personlege skattytarar, kommuneforvaltninga og folketrygda. Årsaka til dette er at det ikkje var noko hovudforfall for førehandsskatt, forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift i august. Den siste utviklinga for desse skattetala blei kommentert i førre publiseringa av skatterekneskapsstatistikken.
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-august. 2008, 2009 og 2010. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Fordelt skatt, etter fylke. Januar-august. 2009 og 2010. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Fordelt skatt, etter kommune. Januar-august 2010. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71