Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stabilt nivå på skattebetalinga
Ved utgangen av november 2010 var det betalt inn 670 milliardar kroner i skatt. På det same tidspunktet i fjor var det betalt inn 669 milliardar kroner. Skatteinnbetalinga i november 2010 var også omtrent like høg som ho var den same månaden året før.
I november var det forfall for forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift for terminen september-oktober. Innbetalingane denne månaden var litt over 85 milliardar kroner. I høve til den same betalingsterminen førre året auka betalingane med 4,5 milliardar, som tilsvarar 5,5 prosent.
Mindre frå upersonlege skattytarar
Det var også innbetalingar av restskatt for upersonlege skattytarar i november. Innbetalinga i år var om lag 15 milliardar kroner. Det tilsvarande beløpet førre året var om lag 19 milliardar. Så langt i år har upersonlege skattytarar betalt inn 197 milliardar, og dette er ein nedgang på 7 prosent.
1,6 prosent meir til folketrygda
Innbetalingane til folketrygda hittil i år har auka med 1,6 prosent, eller 3,4 milliardar kroner. Desse betalingane er todelte. Arbeidsgjevaravgifta for perioden januar-november utgjorde 122 milliardar kroner, medan medlemsavgifta til folketrygda hittil i år er komen opp i 89 milliardar kroner. Dei to avgiftene har hatt om lag den same veksttakta så langt i år.
114 milliardar til kommunane
Skatteinngangen til kommuneforvaltninga hadde ein auke på 7 prosent i dei 11 første månadene i år. Betalingane i perioden fordeler seg med 114 milliardar kroner til kommunane og 22 milliardar til fylka. Desse tala gir ein auke på 6,9 prosent for kommunane og 7,2 prosent for fylka.
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-november. 2008, 2009 og 2010. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Fordelt skatt, etter fylke. Januar-november. 2009 og 2010. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Fordelt skatt, etter kommune. Januar-november 2010. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71