Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
9,5 prosent auke i skatteinnbetalingar
Hittil i år har det blitt betalt inn 522 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er ein auke på 9,5 prosent, eller 45,2 milliardar kroner, frå same periode i fjor.
I juli i år blei det betalt inn totalt 74,3 milliardar kroner i skatt. Av dette utgjorde arbeidsgjevaravgifta og innbetalingar frå personlege skatteytarar 73,4 milliardar kroner,5,7 milliardar kroner, eller 8,4 prosent meir enn i juli i 2011.
Auke i innbetalingar til folketrygda
Folketrygda har så langt i år motteke 158,7 milliardar kroner. Det er ein auke på 6,4 prosent frå same periode i fjor. Arbeidsgjevaravgifta og medlemsavgift til folketrygda har motteke høvesvis 93,8 milliardar og 64,9 milliardar kroner.
KommunesamanslåingKommunane Mosvik og Inderøy har blitt slege saman, og blitt til Inderøy kommune. I tabell 3 vil endring i prosent samanlikna med åra før vere basert på ei summering av kommunane. |
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-juli. 2010, 2011 og 2012. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Fordelt skatt, etter fylke. Januar-juli. 2011 og 2012. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Fordelt skatt, etter kommune. Januar-juli 2012. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71