Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i skatteinnbetalingane
Det har blitt betalt inn 659,8 milliardar kroner i skatt i Noreg så langt i år. Dette er 51,8 milliardar kroner, eller 8,5 prosent, meir enn i tilsvarande periode i fjor.
Arbeidsgjevaravgifta og innbetalingar frå personlege skattytarar stod for 91,9 milliardar kroner av dei 92,1 milliardane som blei betalt inn i skattar i september. Til no i år har same gruppe betalt inn 442,7 milliardar, som er 7,2 prosent meir enn i fjor.
Frå januar til september i år har folketrygda motteke om lag 200 milliardar kroner, 6,6 prosent meir enn i same periode i fjor. Av dette var 115,5 milliardar kroner arbeidsgjevaravgift, medan 84,6 milliardar kroner var medlemspremiar.
KommunesamanslåingKommunane Mosvik og Inderøy har blitt slege saman, og blitt til Inderøy kommune. I tabell 3 vil endring i prosent samanlikna med åra før vere basert på ei summering av kommunane. |
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-september. 2010, 2011 og 2012. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Fordelt skatt, etter fylke. Januar-september. 2011 og 2012. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Fordelt skatt, etter kommune. Januar-september 2012. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71