23679_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
23679
Auke i skatteinntektene
statistikk
2001-10-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapseptember 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i skatteinntektene

Frå januar til og med september 2001 er det innbetalt nærare 306 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 60 milliardar, eller 24,5 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg oljeskattane som bidreg til den store auken.

Stor auke i oljeskattane medverkar til kraftig auke i den totale skatteinngangen. Hittil i år er samla innbetaling frå ordinær skatt og særskatt på olje på drøyt 47 milliardar kroner. For same periode i fjor var det innbetalt 13,5 milliardar kroner. Høg oljepris og sterk dollarkurs tidlegare i år er faktorar som har stor innverknad på innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen.

Skatteinngangen januar-september 2000 og 2001, etter skatteordning. Millonar kroner

Fastlands-Noreg: 11,5 prosent auke

Ser ein bort ifrå oljeskattane, er skatteauken for Fastlands-Noreg på 11,5 prosent. Utanom olje er den totale skatteinngangen hittil i år på 258 milliardar kroner, mot 231 milliardar same periode i fjor. Årsaka til veksten kan ein mellom anna tilskrive auking i innbetaling av etterskotsskatt og ein generell høg lønns- og sysselsettingsvekst.

16 prosent auke til kommuneforvaltinga

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn nærare 83 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 16,3 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor, då innbetalte skattar til kommunesektoren var på om lag 71 1 milliardar kroner. Auken i inntektsskattane er som følgje av at skattedelen opptrappast på kostnad av rammetilskotet til kommunane. Det vil seie auka skattøyre til kommunane mot ein tilsvarande reduksjon i fellesskatten.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-september frå 1999 til 2000 og frå 2000 til 2001

Auke i fylkesvise skattetal

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Størst auke har ein hatt i Oslo, der skatteinntektene har auka med 15,5 prosent. Deretter kjem Østfold og Hordaland med 14,8 og 13,8 prosent auke. Finnmark er det fylket med lågast skatteauke, sjølv om skatteinngangen der har auka med 6,7 prosent samanlikna med i fjor.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstal for dei ulike kommunane per 1. januar finst i pdf-format på lenka

http://www.ssb.no/emner/02/aktuell_befolkning/200005/ab200005.pdf

1  Tallet ble rettet 16.10.01 kl. 1230.

Tabeller: