91774_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
91774
6,5 prosent auke i skatteinnbetalingane
statistikk
2013-01-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapdesember 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

6,5 prosent auke i skatteinnbetalingane

Samla skatteinnbetalingar var på 849,6 milliardar kroner i 2012. Det er særleg oljeskattane som bidreg mest til denne auken.

I 2012 blei det betalt inn 228,7 milliardar kroner i oljeskattar. Dette gjev ein vekstprosent på 11 jamført med 2011. Av dette kom 142,9 milliardar frå særskatt på olje, medan 85,8 milliardar kom frå ordinær oljeskatt. Ordinær oljeskatt og særskatt på olje voks med høvesvis 11,9 prosent og 9,7 prosent. Ordinær oljeskatt blir rekna ut ved at det blir betalt selskapsskatt på 28 prosent av resultat før skatt. For å skjerme normalavkastninga frå særskatt kan selskapa gjennom fire år trekkje 30 prosent av investeringsutgiftene som friinntekt, frå utrekningsgrunnlaget for særskatt. Det blir betalt særskatt på 50 prosent etter at friinntekta er trekt frå.

Nedgang i skatteinnbetalingane i Oslo

Innbetalingar frå etterskottsordninga hadde ein moderat auke i 2012. Totalt var det betalt inn 303,3 milliardar kroner til styresmaktene. Dette er ein auke frå 2011 på 5,8 prosent, eller 16,6 milliardar kroner. Dei totale innbetalingane frå etterskottsordninga utanom oljeskattane var i 2012 på 74,6 milliardar kroner, 6,1 milliardar mindre enn året før . Nedgangen kom av lågare innbetalingar av restskatt frå upersonlege skattytarar, samt ein auke i opne krav knytte til restskatt i 2011. Det er særleg Oslo som bidreg til denne nedgangen. I 2012 var det ein nedgang i totale skatteinnbetalingar i Oslo på 2,3 prosent, eller 2,9 milliardar kroner.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-desember frå 2010 til 2011 og frå 2011 til 2012

5,2 prosent auke i skatteinnbetalingar til folketrygda

Det blei betalt inn 242 milliardar kroner til folketrygda i 2012 fordelte på medlemspremiar til folketrygda og arbeidsgjevaravgift. Innbetalingar i form av arbeidsgjevaravgift auka med 6,7 prosent til 138,8 milliardar kroner. Innbetalingane frå medlemspremiar til folketrygda auka berre med 3,3 prosent. 103,2 milliardar av totalen kom frå medlemspremiar i 2012.

Meir til kommunane

I 2012 blei det betalt inn 145,2 milliardar kroner til kommunane. Mesteparten, 119,7 milliardar kroner, kom frå formues- og inntektsskatt. Dei resterande 25,5 milliardane kom frå fylkesskatt. Desse voks med høvesvis 6,9 og 8,4 prosent.

3 prosents auke i inntektsskatt til staten

Staten fekk inn 231 milliardar kroner frå to kjelder i 2012. 201,1 milliardar kroner kom i form av fellesskatt, medan 29,9 milliardar kom frå formues- og inntektsskatt til staten. Desse auka med høvesvis 3,3 prosent og 1 prosent samanlikna med 2011.

Kommunesamanslåing

Kommunane Mosvik og Inderøy i Nord-Trøndelag har blitt slegne saman, og blitt til Inderøy kommune. I tabell 3 vil endring i prosent samanlikna med åra før vere basert på ei summering av kommunane.

Tabeller: