92893_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
92893
Meir til folketrygda i januar
statistikk
2013-02-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjanuar 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir til folketrygda i januar

I januar 2013 blei det betalt inn 79,1 milliardar kroner i skatt. Dette er 7,1 prosent, eller om lag 5 milliardar kroner, meir enn i januar i fjor.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Januar 2012Januar 2013Januar 2012Januar 2013
I alt73 87979 1234,27,1
Ordinær skatt til staten2 9463 1525,07,0
Ordinær skatt på oljeutvinning292433,6-17,2
Særskatt på oljeutvinning474032,0-14,9
Fellesskatt til staten16 12317 2177,46,8
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)3 0703 2872,97,1
Ordinær skatt til primærkommunen14 12815 498-7,39,7
Medlemsavgift til folketrygda13 13213 70710,04,4
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda23 87626 1695,29,6
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar52829170,8-94,5
Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar frå 2011 til 2012 og frå 2012 til 2013

Det blei betalt inn om lag 40 milliardar kroner til folketrygda i januar 2013. Dette gjev ein vekst på 7,7 prosent, eller 2,9 milliardar kroner, jamført med den same perioden i 2012. Arbeidsgjevaravgifta auka med 9,6 prosent, om lag 2,3 milliardar kroner, til 26,2 milliardar kroner. Det blei betalt inn 13,7 milliardar kroner i form av medlemspremiar til folketrygda. Det er ein auke på 4,4 prosent frå same periode i fjor.

Auke i skatteinnbetalingane til kommuneforvaltninga

I løpet av januar månad hadde kommuneforvaltninga teke imot 18,8 milliardar kroner. Det er 9,2 prosent, eller 1,6 milliardar kroner, meir enn i januar 2012. 15,5 milliardar kroner kom frå skatt på inntekt og formue til kommunane, medan resten, 3,3 milliardar kroner, kom frå skatt på inntekt og formue til fylka, såkalla fylkesskatt. Desse to kategoriane voks såleis med høvesvis 9,7 og 7,1 prosent.  

Over 20 milliardar kroner til statsforvaltninga

Fellesskatt til staten auka med 6,8 prosent frå 2012. Det blei betalt inn 17,2 milliardar kroner i fellesskatt til staten. Det er om lag 1 milliard meir enn i januar i fjor. Fellesskatt til staten blir betalt av alle som er pliktige til å betale inntektsskatt til kommunen. Ordinær skatt til staten omfattar formues- og inntektsskatt til staten frå personlege og upersonlege skattytarar. Personlege skattytarar hadde ved utgangen av januar betalt inn om lag 3,1 milliardar kroner. Knapt 15 millionar kom frå upersonlege skattytarar.

Oljeskattane var på 64 millionar kroner.

KommunesamanslåingÅpne og lesLukk

Kommunane Harstad og Bjarkøy i Troms fylke har blitt slegne saman, og har blitt til Harstad kommune. I tabell 3 vil endring i prosent samanlikna med åra før vere basert på ei summering av kommunane.