104890_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
104890
Høge skatteinnbetalingar i mai
statistikk
2013-06-14T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmai 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høge skatteinnbetalingar i mai

Det blei betalt inn 434,1 milliardar kroner i skatt i Noreg frå januar til mai i år. Dette er 26,2 milliardar kroner, eller 6,4 prosent, meir enn i den same perioden i fjor.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Mai 2012Mai 2013Mai 2012Mai 2013
I alt407 903434 1488,36,4
Ordinær skatt til staten16 58916 81838,81,4
Ordinær skatt på oljeutvinning27 73331 32624,913,0
Særskatt på oljeutvinning45 43952 60724,815,8
Fellesskatt til staten124 995126 8391,71,5
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)12 60813 4875,57,0
Ordinær skatt til primærkommunen59 25263 6683,47,5
Medlemsavgift til folketrygda51 94754 7406,25,4
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda68 65074 2776,68,2
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar69138663,7-44,1
Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mai frå 2011 til 2012 og frå 2012 til 2013

Mai er normalt ein månad med høge skatteinnbetalingar og i år blei det betalt inn til saman 117,1 milliardar kroner. Dette er 6,7 milliardar kroner, eller 6 prosent, meir enn i mai i fjor. Dei største innbetalingane denne månaden kom frå personlege skattytarar med til saman 108 milliardar kroner. Av dette var 45,4 milliardar kroner innbetalingar til folketrygda, medan 27,4 milliardar kroner var fellesskatt til staten og 24,6 milliardar kroner var kommuneskatt. Fylkesskatt og ordinær statsskatt frå personlege skattytarar utgjorde i overkant av 5 milliardar kroner kvar. Upersonlege skattytarar betalte inn 9,2 milliardar kroner i mai og det meste av dette var fellesskatt til staten.

Samla skatteinnbetalingar frå januar til mai er også høgare enn dei var i den tilsvarande perioden i fjor. Til saman er 434,1 milliardar kroner betalt inn hittil i 2013, mot 407,9 milliardar ved utgangen av mai 2012. Innbetalingar frå personlege skattytarar har auka med 7 prosent, til 286,8 milliardar kroner, i den same perioden. Upersonlege skattytarar har hittil i år betalt inn 7,5 milliardar kroner meir enn i fjor. Denne auken kjem av høgare innbetalingar av oljeskatt. Utanom oljeskatten er innbetalingane frå upersonlege skattytarar 3,3 milliardar kroner, eller 4,9 prosent, lågare enn i dei fem første månadene i 2012.