105908_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
105908
Jamt nivå på skatteinnbetalingane
statistikk
2013-07-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuni 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Jamt nivå på skatteinnbetalingane

Skatteinnbetalingane i juni i år var omtrent like høge som i juni 2012. Hittil i år har samla innbetalingar auka med 5,9 prosent.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Juni 2012Juni 2013Juni 2012Juni 2013
I alt447 629474 1249,55,9
Ordinær skatt til staten16 82917 17637,72,1
Ordinær skatt på oljeutvinning41 45144 39125,27,1
Særskatt på oljeutvinning67 91774 55125,19,8
Fellesskatt til staten126 127129 5801,62,7
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)12 78513 6335,56,6
Ordinær skatt til primærkommunen60 07364 3533,47,1
Medlemsavgift til folketrygda52 67655 3256,25,0
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda69 07374 6056,58,0
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar69950962,9-27,2
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juni frå 2011 til 2012 og frå 2012 til 2013

Til no i år er det betalt inn 474,1 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er ein auke på 26,5 milliardar frå første halvår i fjor. Personlege skattytarar har betalt inn 289,7 milliardar kroner, og dette er 6,7 prosent meir enn i første halvår i fjor. Av denne summen var 129,9 milliardar avgifter til folketrygda, 70,2 milliardar var fellesskatt til staten og 63 milliardar var formues- og inntektsskatt til kommunane.

Det meste av innbetalingane i juni kom frå upersonlege skattytarar. Av 40 milliardar kroner innbetalt denne månaden var 37,2 milliardar frå upersonlege skattytarar og 35 milliardar kroner av dette var oljeskatt. Til no i år er 118,9 milliardar kroner betalt i oljeskatt, og dette er ein auke på 8,8 prosent frå første halvår i fjor. Innbetalingane i juni i år var om lag 1 milliard kroner, eller 3,3 prosent, lågare enn i juni 2012. Utanom oljeskattane har upersonlege skattytarar betalt inn 65,2 milliardar kroner i skatt i år. Dette er 2 prosent mindre enn i første halvår i fjor.