105910_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
105910
Auke i skatteinnbetalingane
statistikk
2013-08-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuli 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i skatteinnbetalingane

Skatteinnbetalingane til no i år er på 553,6 milliardar kroner. Dette er 6,1 prosent meir enn ved utgangen av juli i fjor.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Juli 2012Juli 2013Juli 2012Juli 2013
I alt521 965553 5689,56,1
Ordinær skatt til staten19 63120 23232,73,1
Ordinær skatt på oljeutvinning41 69344 51826,36,8
Særskatt på oljeutvinning68 32374 75526,29,4
Fellesskatt til staten141 729146 2392,03,2
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)15 71316 7906,06,9
Ordinær skatt til primærkommunen73 86679 1704,77,2
Medlemsavgift til folketrygda64 90868 4056,15,4
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda93 791101 2286,67,9
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar2 3112 23269,6-3,4
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juli frå 2011 til 2012 og frå 2012 til 2013

I juli i år blei det betalt inn 79,4 milliardar kroner i skatt, og dette er 6,9 prosent meir enn i juli 2012. Personlege skattytarar betalte inn nesten heile summen – litt under 79 milliardar kroner. Upersonlege skattytarar betalte berre inn i overkant av 400 millionar kroner, der oljeskattane utgjorde 331 millionar.

Til no i år har personlege skattytarar betalt inn 368,6 milliardar kroner, og dette er 23,8 milliardar, eller 6,9 prosent, meir enn i den tilsvarande perioden i fjor. Av denne summen er 86,8 milliardar fellesskatt til staten, 15,7 milliardar ordinær statsskatt, 16,5 milliardar fylkesskatt, og 77,8 milliardar kroner er skatt til kommunane. Inntektene til folketrygda vert også rekna med i denne summen, og dei utgjorde til saman 169,6 milliardar kroner frå januar til juli i år.

Upersonlege skattytarar har betalt inn 184,6 milliardar kroner til no i år. Av dette var nærare 120 milliardar oljeskatt, og av den resterande summen var det meste felleskatt til staten. Samla innbetalingar av oljeskatt har auka med 8,4 prosent til no i år. Utanom oljeskattane har betalingar frå upersonlege skattytarar gått ned med 2,2 prosent.