Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lav auke i skatteinnbetalingane
Hittil i år er det betalt inn 589,7 milliardar kroner i skatt i Noreg. Av dette utgjorde skatt frå personlege skattytarar 374,4 milliardar kroner og oljeskattane 150,2 milliardar kroner. Det er 3,9 prosent høgare enn i same periode i fjor.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i år | Prosentvis endring fra fjoråret | |||
---|---|---|---|---|
August 2012 | August 2013 | August 2012 | August 2013 | |
I alt | 567 771 | 589 728 | 9,0 | 3,9 |
Ordinær skatt til staten | 19 948 | 20 542 | 33,0 | 3,0 |
Ordinær skatt på oljeutvinning | 56 641 | 56 325 | 17,9 | -0,6 |
Særskatt på oljeutvinning | 93 430 | 93 833 | 18,6 | 0,4 |
Fellesskatt til staten | 143 128 | 147 385 | 2,3 | 3,0 |
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo) | 16 033 | 17 092 | 6,7 | 6,6 |
Ordinær skatt til primærkommunen | 75 354 | 80 597 | 5,4 | 7,0 |
Medlemsavgift til folketrygda | 66 251 | 69 647 | 6,9 | 5,1 |
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda | 94 333 | 101 657 | 6,5 | 7,8 |
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar | 2 653 | 2 651 | 30,6 | -0,1 |
I august i år blei det betalt inn 36,2 milliardar kroner i skatt. Av dette utgjorde oljeskattane den største posten, med 30,9 milliardar kroner. Hittil i år er det berre 0,1 prosent auke i oljeskattane frå same periode i fjor. Dette er også årsaka til den lave veksten i skatteinnbetalingane, på 3,9 prosent.
Personlege skattytarar og upersonlege skattytarar utanom oljeskattane har hittil i år betalt inn 439,6 milliardar kroner. Dette gir ein auke på 5,2 prosent, eller 21,9 milliardar kroner jamført med same periode i fjor. Innbetaling til folketrygda utgjorde 171,3 milliardar kroner av dette, og har ein auke på 6,7 prosent.
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71