132581_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
132581
Moderat auke i skatteinnbetalingane
statistikk
2013-12-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapnovember 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Moderat auke i skatteinnbetalingane

Så langt i år har Noreg motteke 836,3 milliardar kroner i skatt. Jamført med same perioden i fjor er dette ein auke på 3,4 prosent, eller 27,6 milliardar kroner.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
November 2012November 2013November 2012November 2013
I alt808 660836 3057,33,4
Ordinær skatt til staten29 61530 9431,64,5
Ordinær skatt på oljeutvinning71 96568 99413,2-4,1
Særskatt på oljeutvinning119 588114 15515,3-4,5
Fellesskatt til staten199 759208 9653,44,6
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)25 33426 7819,05,7
Ordinær skatt til primærkommunen118 781125 6057,65,7
Medlemsavgift til folketrygda102 460109 9523,87,3
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda138 436148 2136,87,1
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar2 7222 69726,0-0,9
igur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-november 2011-2012 og 2012-2013

I november månad blei det betalt inn 117,9 milliardar kroner, og dette er den største skatteinnbetalinga så langt i 2013. Innbetalingane i november månad var for det meste innbetalingar av personlege skattytarar som inkluderer innbetalingar til folketrygda og arbeidsgjevaravgifta. Personlege skattytarar har innan utgangen av november betalt inn 577,3 milliardar kroner. Det er ein auke på 6,4 prosent, eller 34,7 milliardar kroner, frå same perioden i fjor.

Høgare skattinntekter til staten

Staten har frå januar til november i år motteke til saman 239,9 milliardar kroner i fellesskatt samt formues- og inntektsskatt. Det er ein oppgang på 4,6 prosent, eller 10,5 milliardar kroner. Den største posten i skatteinntekter til staten er fellesskatt, som utgjorde 209 milliardar kroner av dei nesten 240 milliardane.

5,7 prosent vekst i skatteinntektene til kommuneforvaltninga

Samanlikna med den tilsvarande perioden i fjor har skatteinntektene til fylka og kommunane så langt i 2013 stige med 5,7 prosent, eller 8,3 milliardar kroner, til 152,4 milliardar kroner. Formues- og inntektsskatt til kommunane står for mesteparten av skatteinntektene til kommuneforvaltninga, med 125,6 milliardar kroner. Både for kommunane og fylka er det ein auke på 5,7 prosent.

7,2 prosent meir som arbeidsgjevaravgift og andre folketrygdinnbetalingar

Til saman 258,2 milliardar kroner har blitt betalt inn til folketrygda innan utgangen av november, ein auke på 7,2 prosent. 110 milliardar kroner er betalt inn i medlemsavgift til folketrygda og 148,2 milliardar kroner er betalt inn i arbeidsgjevaravgift. Dette er ein auke på høvesvis 7,3 prosent og 7,1 prosent frå same perioden i fjor.