136536_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
136536
Auke i januarskatten
statistikk
2014-02-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjanuar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i januarskatten

I årets første månad mottok Noreg omkring 83 milliardar kroner i skatteinnbetalingar. Dette er ein auke på 4,6 prosent jamført med januar 2013.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Januar 2013Januar 2014Januar 2013Januar 2014
I alt79 12382 7237,14,5
Ordinær skatt til staten3 1523 3417,06,0
Ordinær skatt på oljeutvinning24202-17,2741,7
Særskatt på oljeutvinning40327-14,9717,5
Fellesskatt til staten17 21718 5826,87,9
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)3 2873 4157,13,9
Ordinær skatt til primærkommunen15 49816 0399,73,5
Medlemsavgift til folketrygda13 70714 1264,43,1
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda26 16926 6039,61,7
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar2986-94,5196,6
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-januar

Størstedelen av skatteinnbetalinga kom frå personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift. Til saman blei det her betalt inn om lag 81 milliardar kroner, ein auke på 3 prosent jamført med januar 2013. Til folketrygda totalt blei det betalt omkring 41 milliardar kroner. Av dette kom arbeidsgjevaravgifta på i overkant av 26 milliardar kroner, som er ein svak auke på 1,7 prosent frå året før.

Meir skatt til kommuneforvaltninga

Det blei betalt inn om lag 19 milliardar kroner i skatt til kommuneforvaltninga i januar, ein auke på 3,6 prosent, eller om lag 700 millionar meir enn året før. Ordinære skattar til primærkommunar låg på omkring 16 milliardar, medan fylkesskatten låg på 3 milliardar. Det er ein auke på høvesvis 3,5 og 3,9 prosent.

Auke i skatteinnbetalingar til statsforvaltninga

Statsforvaltninga fekk 22 milliardar kroner i skatteinnbetalingar i januar i år, og har såleis hatt ein auke på 7,6 prosent, eller 1,5 milliardar kroner jamført med januar i fjor. Mesteparten av dette er fellesskatt til staten, som betalast av alle som er pliktig til å betale inntektsskatt til kommunen. I tillegg kjem også ordinær skatt til staten, som omfattar formues- og inntektsskatt til staten frå personlege og upersonlege skattytarar. Personlege skattytarar hadde ved utgongen av januar betalt inn om lag 3,2 milliardar kroner i formues- og inntektsskatt til staten, medan knapt 46 millionar kom frå upersonlege skattytarar.

Oljeskatt og anna skatt frå upersonlege skatteytarar utgjorde til saman rundt 1 milliard kroner i januar i år. Denne summen er låg fordi det ikkje var noko hovudforfall for upersonlege skattytarar denne månaden.