Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lågare oljeskattar
Ved utgangen av april var det betalt inn 307,2 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er ein reduksjon på 3,1 prosent frå det same tidsrommet i fjor. Årsaka til fallet er ein nedgang i skatteinntektene frå petroleumsverksemda, som var 24,6 prosent lågare enn i den same perioden i 2013.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i år | Prosentvis endring fra fjoråret | |||
---|---|---|---|---|
April 2013 | April 2014 | April 2013 | April 2014 | |
I alt | 317 076 | 307 242 | 6,6 | -3,1 |
Ordinær skatt til staten | 11 110 | 10 980 | -2,4 | -1,2 |
Ordinær skatt på oljeutvinning | 31 396 | 24 238 | 13,3 | -22,8 |
Særskatt på oljeutvinning | 52 730 | 39 157 | 16,1 | -25,7 |
Fellesskatt til staten | 90 968 | 97 139 | 0,4 | 6,8 |
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo) | 8 248 | 8 537 | 6,9 | 3,5 |
Ordinær skatt til primærkommunen | 38 992 | 39 923 | 7,8 | 2,4 |
Medlemsavgift til folketrygda | 33 191 | 35 223 | 5,0 | 6,1 |
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda | 50 378 | 51 642 | 8,7 | 2,5 |
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar | 62 | 404 | -89,4 | 551,6 |
Hittil i år har 63,4 milliardar kroner kome frå petroleumsnæringa. Det er ein reduksjon på 24,6 prosent, eller 20,7 milliardar kroner, samanlikna med slutten av april i fjor. 39,2 milliardar kroner kom frå særskatt på oljeinntekter og 24,2 milliardar kroner frå ordinær oljeskatt. Desse kategoriane fall høvesvis 25,7 prosent og 22,8 prosent rekna frå året før. Bakgrunnen for den låge innbetalinga er ein reduksjon i terminskatten som er skriven ut for 2013.
Auke i skatteinntektene frårekna oljeskattar
Så langt i år har skatteinntektene i Fastlands-Noreg frårekna oljeskattar stige 10,9 milliardar kroner, eller 4,7 prosent, jamført med i fjor. Dei totale skatteinntektene utanom kontinentalsokkelen for perioden januar-april låg dermed på 243,8 milliardar kroner.
Svak vekst i skatt frå personlege skattytarar
Skatteinnbetalingane frå personlege skattytarar medrekna arbeidsgivaravgift auka svakt med 2,7 prosent, eller 4,8 milliardar kroner, frå året før. Totalt hadde dei personlege skattytarane bidrege med 183,6 milliardar kroner ved slutten av april i år.
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71