167625_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
167625
Reduksjon i oljeskattane
statistikk
2014-07-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuni 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Reduksjon i oljeskattane

Skatteinnbetalingane fram til juni i år hadde ein nedgang på 3,3 prosent sett i høve til det same tidsrommet i fjor, på grunn av ein reduksjon i innbetalingar av oljeskattane.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Juni 2013Juni 2014Juni 2013Juni 2014
I alt474 124458 3765,9-3,3
Ordinær skatt til staten17 17616 3302,1-4,9
Ordinær skatt på oljeutvinning44 39136 1367,1-18,6
Særskatt på oljeutvinning74 55158 3829,8-21,7
Fellesskatt til staten129 580131 2062,71,3
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)13 63314 1136,63,5
Ordinær skatt til primærkommunen64 35365 8197,12,3
Medlemsavgift til folketrygda55 32559 1095,06,8
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda74 60576 6158,02,7
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar509666-27,230,8
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-juni

Til no i år er det betalt inn 458,4 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er ein reduksjon på 15,7 milliardar samanlikna med første halvår i fjor. 297 milliardar kroner er betalte inn av personlege skattytarar, som utgjer ein auke på 2,5 prosent frå den same perioden i fjor. 94,5 milliardar kroner kjem frå petroleumsverksemda. Dette utgjer ein nedgang på 20,5 prosent samanlikna med juni i fjor.

Petroleumsverksemda har seks innbetalingsterminar i året, første er 1. august, medan den siste er 1. juni. Dei tre første terminane er i inntektsåret, dei tre siste året etter - det vil seie i likningsåret. For inntektsåret 2013 blei utskriven terminskatt redusert med 23 prosent samanlikna med inntektsåret 2012. Det utgjer om lag 56 milliardar kroner. Den siste terminen for inntektsåret 2013 var no i juni. Det var ein nedgang i skatteinnbetalinga frå petroleumsverksemda for inntektsåret 2013, på 24,7 prosent, eller 58,1 milliardar kroner.