Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgangen i skatteinnbetalingane held fram
Skatteinnbetalingane til no i år har vore på 540,1 milliardar kroner. Dette er 2,4 prosent, eller 13,5 milliardar kroner, mindre enn ved utgangen av juli i fjor.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i år | Prosentvis endring fra fjoråret | |||
---|---|---|---|---|
Juli 2013 | Juli 2014 | Juli 2013 | Juli 2014 | |
I alt | 553 568 | 540 092 | 6,1 | -2,4 |
Ordinær skatt til staten | 20 232 | 19 206 | 3,1 | -5,1 |
Ordinær skatt på oljeutvinning | 44 518 | 36 175 | 6,8 | -18,7 |
Særskatt på oljeutvinning | 74 755 | 58 446 | 9,4 | -21,8 |
Fellesskatt til staten | 146 239 | 147 045 | 3,2 | 0,6 |
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo) | 16 790 | 17 357 | 6,9 | 3,4 |
Ordinær skatt til primærkommunen | 79 170 | 80 817 | 7,2 | 2,1 |
Medlemsavgift til folketrygda | 68 405 | 73 193 | 5,4 | 7,0 |
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda | 101 228 | 104 602 | 7,9 | 3,3 |
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar | 2 232 | 3 252 | -3,4 | 45,7 |
Som i tidlegare månader i år har skattebetalingane gått nedover samanlikna med fjoråret. Hovudårsaka til dette er ein reduksjon i skatteinntektene frå petroleumsverksemda, som samla gir ein negativ effekt på innbetalingane.
Auke i innbetalingane frå personlege skattytarar
Om ein ser på dei personlege skattytarane, har innbetalingane hittil i år auka med 2,7 prosent jamført med den same perioden i fjor. Til saman i år har dei personlege skattytarane bidrege med 378,7 milliardar kroner, som er 10,1 milliardar meir enn på same tid i fjor. Upersonlege skattytarar utanom oljeskattane har betalt inn 66,2 milliardar kroner til no i år. Det er ein svak auke på 1,4 prosent frå i fjor.
Meir til kommuneforvaltninga
Til no i år har skatteinnbetalingane til kommuneforvaltninga vore på 98,2 milliardar kroner. Dette er 2,3 prosent meir enn i den same perioden i fjor. Av dette gjekk 80,8 milliardar til kommunane, medan 17,4 milliardar gjekk til fylka. Til staten har det blitt betalt inn 166,3 milliardar kroner i skatt, som er ein nedgang på 0,1 prosent jamført med i fjor.
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71