Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Sterk nedgang i Stavanger
Innbetalte skattar januar–november 2015 er 3,1 prosent lågare enn i den same perioden i fjor. Men om petroleumsskattane ekskluderast, er det ei auke i dei innbetalte skattane med 3,1 prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i år | Prosentvis endring fra fjoråret | |||
---|---|---|---|---|
November 2014 | November 2015 | November 2014 | November 2015 | |
I alt | 815 612 | 790 647 | -2,5 | -3,1 |
Ordinær skatt til staten | 30 926 | 28 794 | -0,1 | -6,9 |
Ordinær skatt på utvinning av petroleum | 56 788 | 39 711 | -17,7 | -30,1 |
Særskatt på utvinning av petroleum | 93 364 | 64 732 | -18,2 | -30,7 |
Fellesskatt til staten | 203 507 | 206 163 | -2,6 | 1,3 |
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo) | 27 557 | 28 936 | 2,9 | 5,0 |
Ordinær skatt til primærkommunen | 127 968 | 134 965 | 1,9 | 5,5 |
Medlemsavgift til folketrygda | 118 006 | 127 121 | 7,3 | 7,7 |
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda | 153 923 | 159 275 | 3,9 | 3,5 |
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar | 3 573 | 949 | 32,5 | -73,4 |
Rogaland er det einaste fylket med reduksjon i dei totale skatteinnbetalingane eksklusiv petroleumsskattane. Kommunane i dette fylket hadde i gjennomsnitt 4,9 prosent lågare innbetalingar jamfør den same perioden i fjor. Dei andre fylka hadde ei auke i innbetalingane frå 2,6 prosent (Hordaland) til 10,7 prosent (Finnmark).
Lågare innbetalte skattar frå overskott til bedrifter i Stavanger
I Rogaland er det Stavanger som har reduserte innbetalingar av skattar eksklusiv petroleumsskattar. Skattane her er 14,5 prosent lågare enn i den same perioden i fjor. Dei andre kommunane i Rogaland hadde alle enten same nivå på skatteinnbetalingane eller høgare innbetalte skattar jamfør i fjor. Det er i hovudsak netto innbetalingar av skatt frå overskott i bedrifter som er blitt lågare i Stavanger. Dette skuldast både lågare skatteinnbetalingar jamfør i fjor og netto utbetalingar i samband med oppgjer for skattesakar tidlegare år.
Skattar frå petroleum ned frå 18 til 13 prosent av totale skattar
Ved utgangen av november 2015 var det innbetalt 790 milliardar kroner i skatt mot 815 milliardar kroner i den same perioden i fjor. Petroleumskattane hittil i år er 105 milliardar kroner og utgjer 13 prosent av totale skattar. I den same perioden i fjor var skattane frå petroleum 150 milliardar kroner som svarar til 18 prosent av totale skattar.
Tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk
Innbetalingane for alle skatteartene eksklusiv petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar finn i hovudsak stad i månader med partal.
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar justertÅpne og lesLukk
Frå januar 2015 er skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar korrigert på grunn av refusjonar til aksjonærar som er fritekne frå skatt på utbytte og aksjegevinst. Til no i år utgjer desse refusjonane om lag 1,6 milliardar kroner.
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71