Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fortsatt nedgang i petroleumsskattane
Det blei betalt inn 11 milliardar kroner i skatt på utvinning av petroleum i februar i år. Dette er 47,9 prosent mindre enn i den same månaden i fjor.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i år | Prosentvis endring fra fjoråret | |||
---|---|---|---|---|
Februar 2015 | Februar 2016 | Februar 2015 | Februar 2016 | |
I alt | 136 663 | 126 349 | -6,6 | -7,5 |
Ordinær skatt til staten | 5 102 | 4 514 | -0,1 | -11,5 |
Ordinær skatt på utvinning av petroleum | 8 805 | 4 430 | -26,0 | -49,7 |
Særskatt på utvinning av petroleum | 14 653 | 6 923 | -23,7 | -52,8 |
Fellesskatt til staten | 43 231 | 44 734 | -9,8 | 3,5 |
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo) | 3 714 | 3 799 | 3,1 | 2,3 |
Ordinær skatt til primærkommunen | 17 268 | 17 797 | 1,5 | 3,1 |
Medlemsavgift til folketrygda | 15 619 | 16 401 | 8,3 | 5,0 |
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda | 28 304 | 27 389 | 4,8 | -3,2 |
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar | -33 | 363 | -115,6 | -1 200,0 |
Til saman blei det betalt inn 41 milliardar kroner i skatt i februar, det aller meste frå upersonlege skatteytarar. I tillegg til skatt på petroleum blei det betalt inn 26 milliardar kroner i fellesskatt til staten gjennom denne ordninga. Innbetalingar av skatt på petroleum er låge på grunn av låg terminskatt, men også fordi terminbeløpa har blitt justerte ned på grunn av for høge innbetalingar i andre halvår av 2015. Skatteinnbetalingar frå personlege skatteytarar var på om lag 2 milliardar kroner i februar.
Til no i år er det betalt inn 126 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 10 milliardar, eller 7,5 prosent, mindre enn i dei to første månadene av 2015.
Ulikt tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk
Innbetalingane for alle skatteartane eksklusive petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar skjer hoveudsakleg i månader med partal.
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71