Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Petroleumsskattane fortset å falle
Frå januar til april i år blei det betalt inn 270 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 7,6 prosent mindre enn i den same perioden i fjor. Det er i hovudsak låge innbetalingar av petroleumsskatt som fører til reduserte innbetalingar totalt.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i år | Prosentvis endring fra fjoråret | |||
---|---|---|---|---|
April 2015 | April 2016 | April 2015 | April 2016 | |
I alt | 292 333 | 270 256 | -4,9 | -7,6 |
Ordinær skatt til staten | 10 708 | 12 492 | -2,5 | 16,7 |
Ordinær skatt på utvinning av petroleum | 17 464 | 8 807 | -27,9 | -49,6 |
Særskatt på utvinning av petroleum | 29 084 | 13 757 | -25,7 | -52,7 |
Fellesskatt til staten | 93 815 | 89 771 | -3,4 | -4,3 |
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo) | 8 841 | 9 182 | 3,6 | 3,9 |
Ordinær skatt til primærkommunen | 41 254 | 43 431 | 3,3 | 5,3 |
Medlemsavgift til folketrygda | 37 805 | 39 234 | 7,3 | 3,8 |
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda | 53 522 | 53 036 | 3,6 | -0,9 |
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar | -158 | 546 |
Til no i år er det kome inn 22,6 milliardar kroner i petroleumsskatt, som er mindre enn halvparten av innbetalingane i den same perioden i fjor. Petroleumsskattane har stadig gått nedover dei siste åra, og innbetalingane hittil i år er til dømes berre ein fjerdedel av det som kom inn av slike skattar i den same perioden i 2013.
Meir frå personlege skattytarar
Frå 2015 til 2016 er også innbetalingar frå upersonlege skattytarar utanom petroleumsskattane reduserte med 2 milliardar kroner i firemånadersperioden. Innbetalingar frå personlege skattytarar var på til saman 193 milliardar kroner ved utgangen av april. Dette er derimot 2 prosent meir enn i i det same tidsrommet i fjor.
Meir til kommunane, mindre til staten
Skatteinntektene til kommuneforvaltninga gjekk opp frå 50 milliardar kroner ved slutten av april 2015 til 52,6 milliardar ved slutten av april 2016, som er ein auke på 5 prosent. Til statsforvaltninga gjekk skatteinnbetalingane derimot ned frå 104,5 til 102,3 milliardar kroner i løpet av den same perioden og hadde dermed ein nedgang på 2,2 prosent frå i fjor.
Tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk
Innbetalingane for alle skatteartene eksklusiv petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar finn i hovudsak stad i månader med partal.
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71