Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fortsatt nedgang i skatteinnbetalingane
Hittil i år er det betalt inn 413 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er 5,8 prosent mindre enn i første halvår i fjor.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i år | Prosentvis endring fra fjoråret | |||
---|---|---|---|---|
Juni 2015 | Juni 2016 | Juni 2015 | Juni 2016 | |
I alt | 438 638 | 413 325 | -4,3 | -5,8 |
Ordinær skatt til staten | 15 893 | 20 573 | -2,7 | 29,4 |
Ordinær skatt på utvinning av petroleum | 26 058 | 13 297 | -27,9 | -49,0 |
Særskatt på utvinning av petroleum | 43 395 | 20 783 | -25,7 | -52,1 |
Fellesskatt til staten | 127 072 | 121 520 | -3,2 | -4,4 |
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo) | 14 671 | 15 627 | 4,0 | 6,5 |
Ordinær skatt til primærkommunen | 68 478 | 74 021 | 4,0 | 8,1 |
Medlemsavgift til folketrygda | 63 410 | 67 087 | 7,3 | 5,8 |
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda | 79 800 | 79 672 | 4,2 | -0,2 |
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar | -140 | 746 |
Det meste av innbetalingane i juni var skattar på utvinning av petroleum. Denne månaden blei det betalt inn 4 milliardar i ordinær petroleumsskatt og 7 milliardar i særskatt på utvinning av petroleum. Desse innbetalingane har gått ned med om lag 50 prosent frå juni i fjor. Til saman blei det betalt inn 34 milliardar kroner i petroleumsskattar i første halvår. Dette utgjer også om lag halvparten av innbetalingane i første halvår 2015.
Personlege skatteytarar har betalt inn 320 milliardar kroner til no i år. Dette er 11 milliardar kroner, eller 3,7 prosent, meir enn i det same tidsrommet i fjor. Av denne summen gjekk 86 milliardar til staten, 88 milliardar til kommuneforvaltninga og 147 milliardar til folketrygda. Utanom petroleumsskattane har upersonlege skatteytarar betalt inn 59 milliardar kroner til no i år. Det meste av dette, 54 milliardar kroner, var fellesskatt til staten.
Endringar i skattesystemetÅpne og lesLukk
Frå 2016 er det gjort enkelte endringar i skattesystemet som påverkar fordelinga mellom skatteartane. Innføringa av trinnskatt og reduksjon i skattesatsen på alminneleg inntekt medfører at ordinær skatt til staten aukar medan fellesskatt til staten går ned.
Tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk
Innbetalingane for alle skatteartene eksklusiv petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar finn i hovudsak stad i månader med partal.
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71