Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fra 23. september vil SSB endre publiseringstidspunkt på alle statistikker til kl. 08.00.
Skatteinnbetalingane fortset å minke
Hittil i år er det betalt inn 497 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det svarer til ein reduksjon på 26 milliardar, eller 4,9 prosent, samanlikna med den same perioden i 2015.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i år | Prosentvis endring fra fjoråret | |||
---|---|---|---|---|
Juli 2015 | Juli 2016 | Juli 2015 | Juli 2016 | |
I alt | 523 007 | 497 340 | -3,2 | -4,9 |
Ordinær skatt til staten | 18 662 | 25 153 | -2,8 | 34,8 |
Ordinær skatt på utvinning av petroleum | 26 345 | 13 058 | -27,2 | -50,4 |
Særskatt på utvinning av petroleum | 43 842 | 20 394 | -25,0 | -53,5 |
Fellesskatt til staten | 143 631 | 135 794 | -2,3 | -5,5 |
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo) | 18 037 | 19 119 | 3,9 | 6,0 |
Ordinær skatt til primærkommunen | 84 169 | 90 567 | 4,1 | 7,6 |
Medlemsavgift til folketrygda | 78 397 | 82 295 | 7,1 | 5,0 |
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda | 108 645 | 108 720 | 3,9 | 0,1 |
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar | 1 280 | 2 239 |
Nedgangen i samla skatteinnbetalingar til no i år heng i hovudsak saman med lågare innbetalingar av petroleumsskatt. Hittil i år utgjer desse 33,5 milliardar kroner. Det inneber meir enn ei halvering samanlikna med 70 milliardar kroner i det same tidsrommet i fjor.
Auke i innbetalingar frå personlege skattytarar
Til no i år har personlege skatteytarar betalt inn 405 milliardar kroner. Det er 12 milliardar kroner meir enn i det same tidsrommet i fjor. Innbetalingane frå upersonlege skattytarar utanom petroleumsskattane er reduserte med 723 millionar i den same perioden.
Auka innbetalingar til kommuneforvaltninga
Innbetalingane til kommuneforvaltninga har auka med 7,5 milliardar, mens dei til statsforvaltninga har minka med 1,3 milliardar. Innbetalingane til kommuneforvaltninga utgjer til no i år 110 milliardar kroner, mens dei til statsforvaltninga utgjer 161 milliardar. Samanlikna med i fjor har innbetalingane til folketrygda gått opp 4 milliardar, noko som svarer til ein auke på 2,1 prosent. Til no i år utgjer innbetalingane til folketrygda 191 milliardar kroner.
Endringar i skattesystemetÅpne og lesLukk
Frå 2016 er det gjort enkelte endringar i skattesystemet som påverkar fordelinga mellom skatteartane. Innføringa av trinnskatt og reduksjon i skattesatsen på alminneleg inntekt medfører at ordinær skatt til staten aukar medan fellesskatt til staten går ned.
Tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk
Innbetalingane for alle skatteartene eksklusiv petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar finn i hovudsak stad i månader med partal.
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71