259115_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
259115
Vedvarande reduksjon i samla skatteinnbetalingar
statistikk
2016-09-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. Ved utgangen av august 2016 var det betalt inn 515 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapaugust 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vedvarande reduksjon i samla skatteinnbetalingar

Hittil i år er det betalt inn 515 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er ein reduksjon på 31 milliardar, eller 5,7 prosent, samanlikna med den same perioden i 2015.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
August 2015August 2016August 2015August 2016
I alt546 276515 048-4,6-5,7
Ordinær skatt til staten19 04925 661-2,334,7
Ordinær skatt på utvinning av petroleum32 85516 332-29,3-50,3
Særskatt på utvinning av petroleum54 01725 715-28,6-52,4
Fellesskatt til staten145 457138 379-1,8-4,9
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)18 44319 6524,56,6
Ordinær skatt til primærkommunen86 05993 0774,78,2
Medlemsavgift til folketrygda80 13984 6277,75,6
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda109 107109 3763,90,2
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar1 1512 228
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - august akkumulert. Prosentvis endring

Samla innbetalte petroleumsskattar ligg framleis på det halve av nivået frå i fjor. Desse utgjer 42 milliardar kroner så langt i år, jamført med 87 milliardar i fjor. Dei reduserte innbetalingane frå oljesektoren står for størsteparten av nedgangen i samla skatteinnbetalingar. Ser ein på august isolert, utgjorde petroleumsskattane 8,6 milliardar kroner i år, mot 16,7 milliardar i 2015.

Innbetalingar frå personlege skattytarar fortset å auke

Personlege skattytarar har så langt i år betalt inn 414 milliardar kroner. Det er 14 milliardar kroner meir enn i det same tidsrommet i fjor. I den same perioden er innbetalingane frå upersonlege skattytarar, utanom petroleumsskattane, reduserte frå 59,3 milliardar til 58,7 milliardar.

Auka skatteinnbetalingar til kommuneforvaltninga

Kommuneforvaltninga har så langt teke imot skatteinnbetalingar på 113 milliardar kroner. Det svarer til ein auke på 8,2 milliardar, eller 7,9 prosent, sett i høve til året før. Innbetalingane til statsforvaltninga utgjer 164 milliardar, omtrent på nivå med i fjor. Innbetalingane til folketrygda ligg på 194 milliardar så langt i 2016, det vil seie 5 milliardar meir enn på same tid i fjor.

Endringar i skattesystemetÅpne og lesLukk

Frå 2016 er det gjort enkelte endringar i skattesystemet som påverkar fordelinga mellom skatteartane. Innføringa av trinnskatt og reduksjon i skattesatsen på alminneleg inntekt medfører at ordinær skatt til staten aukar, medan fellesskatt til staten går ned.

Tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk

Innbetalingane for alle skatteartane eksklusiv petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar finn i hovudsak stad i månader med partal.