259117_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
259117
Fortsatt reduksjon i samla skatteinnbetalingar
statistikk
2016-10-17T08:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. Ved utgangen av september 2016 var det betalt inn 625 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapseptember 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fortsatt reduksjon i samla skatteinnbetalingar

Hittil i år er det betalt inn 625 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er 4,2 prosent mindre enn i den same perioden i 2015.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
September 2015September 2016September 2015September 2016
I alt652 983625 275-2,9-4,2
Ordinær skatt til staten23 30432 595-2,339,9
Ordinær skatt på utvinning av petroleum32 85516 611-29,4-49,4
Særskatt på utvinning av petroleum54 01726 169-28,6-51,6
Fellesskatt til staten171 601160 975-0,2-6,2
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)23 56625 1094,86,5
Ordinær skatt til primærkommunen109 948118 9475,18,2
Medlemsavgift til folketrygda102 832108 3287,95,3
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda133 642134 3183,80,5
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar1 2192 222
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar–september akkumulert. Prosentvis endring

Nedgangen i samla skatteinnbetalingar i år heng i hovudsak saman med lågare innbetalingar av petroleumsskatt. Hittil i år utgjer desse 43 milliardar kroner, som er meir enn ei halvering av dei 87 milliardar kronene frå det same tidsrommet i fjor. I tillegg er fellesskatt til staten redusert frå 172 milliardar til 161 milliardar kroner. 

Innbetalingar frå personlege skattytarar fortset å auke

Personlege skattytarar har så langt i år betalt inn 523 milliardar kroner. Det svarer til ein auke på 3,4 prosent jamført med det same tidsrommet i fjor. I den same perioden er innbetalingar frå upersonlege skattytarar utanom petroleumsskattane reduserte frå 59,7 milliardar til 58,9 milliardar. 

Auka skatteinnbetalingar til kommuneforvaltninga

Kommuneforvaltninga har så langt motteke skatteinnbetalingar på 144 milliardar kroner. Det svarer til ein auke på 7,9 prosent samanlikna med året før. Innbetalingane til statsforvaltninga utgjer 194 milliardar, omtrent på det same nivået som i fjor. Samstundes ligg innbetalingane til folketrygda på 243 milliardar så langt i 2016, samanlikna med 236 milliardar i fjor.

Endringar i skattesystemetÅpne og lesLukk

Frå 2016 er det gjort enkelte endringar i skattesystemet som påverkar fordelinga mellom skatteartane. Innføringa av trinnskatt og reduksjon i skattesatsen på alminneleg inntekt medfører at ordinær skatt til staten aukar, medan fellesskatt til staten går ned.

Tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk

Innbetalingane for alle skatteartane eksklusiv petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar finn i hovudsak stad i månader med partal.