259119_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
259119
Lågare innbetalingar av petroleumsskatt
statistikk
2016-11-16T08:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. Ved utgangen av oktober 2016 var det betalt inn 630 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapoktober 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare innbetalingar av petroleumsskatt

Hittil i år er det betalt inn 630 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er ein reduksjon på 5,4 prosent samanlikna med den same perioden i 2015.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Oktober 2015Oktober 2016Oktober 2015Oktober 2016
I alt666 014630 034-4,2-5,4
Ordinær skatt til staten23 26432 694-2,140,5
Ordinær skatt på utvinning av petroleum39 71119 862-30,3-50,0
Særskatt på utvinning av petroleum64 73230 824-30,4-52,4
Fellesskatt til staten164 919154 7630,0-6,2
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)23 75825 3534,96,7
Ordinær skatt til primærkommunen110 819120 0825,28,4
Medlemsavgift til folketrygda103 773109 5058,05,5
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda134 084134 7703,80,5
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar9532 182
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - oktober akkumulert. Prosentvis endring

Lågare innbetalingar av petroleumsskatt reduserer dei samla skatteinnbetalingane. Gjennom 2016 er det denne posten som primært har bidrege til lågare samla innbetalingar. Innbetalingane av oljeskatt har i 2016 gjennomgåande lege på halvparten av nivået i fjor. Dei samla innbetalte petroleumsskattane er så langt 54 milliardar lågare enn i 2015.

Personlege skattytarar har betalt inn meir, upersonlege skattytarar har betalt inn mindre

Personlege skattytarar har så langt i år betalt inn 528 milliardar kroner. Det svarer til ein auke på 18 milliardar kroner jamført med det same tidsrommet i fjor. Formue- og inntektsskatt frå personlege skattytarar har auka med 20 milliardar sidan 2015. I den same perioden er innbetalingar frå upersonlege skattytarar utanom petroleumsskattane reduserte med 338 millionar kroner frå 51,4 milliardar. Formue- og inntektsskatt betalt av denne gruppa har falt med 1 milliard kroner.

Auka skatteinnbetalingar til kommuneforvaltninga

Kommuneforvaltninga har så langt motteke skatteinnbetalingar på 145 milliardar kroner. Det svarer til ein auke 11 milliardar kroner jamført med året før. Innbetalingane til statsforvaltninga utgjer 187 milliardar, omtrent på same nivå som i fjor. Innbetalingane til folketrygda ligg på 244 milliardar så langt i 2016, samanlikna med 238 milliardar i fjor.

Endringar i skattesystemetÅpne og lesLukk

Frå 2016 er det gjort enkelte endringar i skattesystemet som påverkar fordelinga mellom skatteartane. Innføringa av trinnskatt og reduksjon i skattesatsen på alminneleg inntekt medfører at ordinær skatt til staten aukar, medan fellesskatt til staten går ned.

Tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk

Innbetalingane for alle skatteartane eksklusiv petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar finn i hovudsak stad i månader med partal.