Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lågare skatteinnbetalingar
Hittil i år er det betalt inn 744 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er ein reduksjon på 6 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 2015.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i år | Prosentvis endring fra fjoråret | |||
---|---|---|---|---|
November 2015 | November 2016 | November 2015 | November 2016 | |
I alt | 790 647 | 743 528 | -3,1 | -6,0 |
Ordinær skatt til staten | 28 794 | 39 266 | -6,9 | 36,4 |
Ordinær skatt på utvinning av petroleum | 39 711 | 13 074 | -30,1 | -67,1 |
Særskatt på utvinning av petroleum | 64 732 | 20 235 | -30,7 | -68,7 |
Fellesskatt til staten | 206 163 | 196 739 | 1,3 | -4,6 |
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo) | 28 936 | 31 151 | 5,0 | 7,7 |
Ordinær skatt til primærkommunen | 134 965 | 148 702 | 5,5 | 10,2 |
Medlemsavgift til folketrygda | 127 121 | 131 369 | 7,7 | 3,3 |
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda | 159 275 | 160 564 | 3,5 | 0,8 |
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar | 949 | 2 428 |
I 2016 har dei samla skatteinnbetalingane blitt minska av lågare innbetalingar av petroleumsskatt. Sidan midten av 2013 har petroleumsskattane falt gjennomgåande, og per november 2016 ligg innbetalingane på 68 prosent under beløpa innbetalt i 2015. Tilbakebetalingar av petroleumsskatt til gode i november gjer at samla innbetalte petroleumsskatter er lågare ved utgangen av november 2016 enn ved utgangen av oktober same år.
Auka skatteinnbetalingar frå både personlege og upersonlege skattytarar
Personlege skattytarar har så langt i år betalt inn 641 milliardar kroner. Det svarer til ein auke på 23 milliardar kroner jamført med det same tidsrommet i 2015. Formue- og inntektsskatt frå desse har auka med 27 milliardar jamført med i fjor. Fellesskatt til staten blitt redusert 13 milliardar kroner. Auka i ordinær skatt og reduksjonen i fellesskatt til staten kjem av endringane i skattesystemet som byrja å gjelde i 2016. Også upersonlege skattytarar har auka skatteinnbetalingane sidan i fjor. Deira innbetalingar har auka med 1,4 milliardar kroner, og dei utgjør ved utløpet av november 68 milliardar kroner.
Høgare skattinnbetalingar til både stats- og kommuneforvaltninga
Kommuneforvaltninga har så langt motteke skatteinnbetalingar på 180 milliardar kroner. Det svarer til ein auke 16 milliardar kroner jamført med året før. Innbetalingane til statsforvaltninga utgjer 236 milliardar, omtrent på nivå som i fjor. Innbetalingane til folketrygda ligg på 292 milliardar så langt i 2016, samanlikna med 286 milliardar i fjor.
Endringar i skattesystemetÅpne og lesLukk
Frå 2016 er det gjort enkelte endringar i skattesystemet som påverkar fordelinga mellom skatteartane. Innføringa av trinnskatt og reduksjon i skattesatsen på alminneleg inntekt medfører at ordinær skatt til staten aukar, medan fellesskatt til staten går ned.
Tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk
Innbetalingane for alle skatteartene eksklusiv petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar finn i hovudsak stad i månader med partal.
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71