Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skatteinnbetalingane ned 40 milliardar i 2016
I 2016 er det betalt inn 756 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er ein reduksjon på 40 milliardar, eller 5 prosent, samanlikna med 2015.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i år | Prosentvis endring fra fjoråret | |||
---|---|---|---|---|
Desember 2015 | Desember 2016 | Desember 2015 | Desember 2016 | |
I alt | 795 752 | 755 738 | -5,2 | -5,0 |
Ordinær skatt til staten | 29 194 | 39 573 | -6,5 | 35,6 |
Ordinær skatt på utvinning av petroleum | 39 477 | 16 034 | -38,5 | -59,4 |
Særskatt på utvinning av petroleum | 64 196 | 25 059 | -39,3 | -61,0 |
Fellesskatt til staten | 207 965 | 198 086 | 1,5 | -4,8 |
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo) | 29 263 | 31 384 | 5,4 | 7,2 |
Ordinær skatt til primærkommunen | 136 495 | 149 818 | 5,9 | 9,8 |
Medlemsavgift til folketrygda | 128 574 | 132 363 | 8,2 | 2,9 |
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda | 159 663 | 161 036 | 3,4 | 0,9 |
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar | 927 | 2 385 |
I 2016 har dei samla skatteinnbetalingane blitt minska av lågare innbetalingar av petroleumsskatt. Sidan midten av 2013 har petroleumsskattane falt gjennomgåande, og ved utgangen av 2016 låg innbetalingane på 63 milliardar kroner under beløpa innbetalt i 2015.
Auka skatteinnbetalingar frå både personlege og upersonlege skattytarar
Personlege skattytarar har i 2016 betalt inn 645 milliardar kroner. Det svarer til ein auke på 21 milliardar kroner jamført med 2015. Av denne summen gjekk 173 milliardar til staten, 179 milliardar til kommuneforvaltninga og 293 milliardar til folketrygda. Også upersonlege skattytarar utanom petroleumsskattane har auka skatteinnbetalingane sidan i fjor. Deira innbetalingar har auka med 1,4 milliardar kroner, og dei utgjør ved utløpet av 2016 nesten 69 milliardar kroner. Det meste av dette, 66 milliardar kroner, var fellesskatt til staten.
Høgare skattinnbetalingar til både stats- og kommuneforvaltninga
Kommuneforvaltninga har så langt motteke skatteinnbetalingar på 181 milliardar kroner. Det svarer til ein auke på 15 milliardar kroner jamført med 2015. Innbetalingane til statsforvaltninga utanom petroleumsskattane utgjer 238 milliardar, omtrent på nivå som i fjor.
Endringar i skattesystemetÅpne og lesLukk
Frå 2016 er det gjort enkelte endringar i skattesystemet som påverkar fordelinga mellom skatteartane. Innføringa av trinnskatt og reduksjon i skattesatsen på alminneleg inntekt medfører at ordinær skatt til staten aukar, medan fellesskatt til staten går ned.
Tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk
Innbetalingane for alle skatteartane eksklusiv petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar finn i hovudsak stad i månader med partal.
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71