Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Noko høgare skattinnbetalingar
Det blei betalt inn 89 milliardar kroner i skatt i Noreg i januar i år. Dette er ein auke på 4,3 prosent frå januar 2016.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i år | Prosentvis endring fra fjoråret | |||
---|---|---|---|---|
Januar 2016 | Januar 2017 | Januar 2016 | Januar 2017 | |
I alt | 85 460 | 89 163 | 0,2 | 4,3 |
Ordinær skatt til staten | 2 961 | 5 213 | -8,1 | 76,1 |
Ordinær skatt på utvinning av petroleum | -4 | 0 | -100,7 | -100,0 |
Særskatt på utvinning av petroleum | -6 | 0 | -100,6 | -100,0 |
Fellesskatt til staten | 18 533 | 16 327 | 7,2 | -11,9 |
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo) | 3 616 | 3 892 | 2,5 | 7,6 |
Ordinær skatt til primærkommunen | 16 848 | 18 462 | 3,3 | 9,6 |
Medlemsavgift til folketrygda | 16 085 | 16 900 | 5,1 | 5,1 |
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda | 26 967 | 27 799 | -2,9 | 3,1 |
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar | 460 | 570 |
Det var personlege skattytarar som stod for det meste av skateinnbetalingane i januar. Denne gruppa betalte inn 88 milliardar kroner, og bidraget deira auka med 3 milliardar samanlikna med januar 2016. Innbetalingar frå upersonlege skattytarar var på om lag 788 millionar kroner, noko som er ein auke på 558 millionar. Det vart ikkje gjort innbetalingar av petroleumsskattar denne månaden.
Av dei samla innbetalingane utgjorde skattar til staten 21,5 milliardar, skattar til kommuneforvaltninga 22,4 milliardar og innbetalingar til folketrygda 44,7 milliardar kroner. Innbetalingar til stat og kommune har auka med høvesvis 0,2 og 9,2 prosent medan betalingar til folketrygda har auka med 3,8 prosent.
Tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk
Innbetalingane for alle skatteartane eksklusiv petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar finn i hovudsak stad i månader med partal.
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71