Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.

Undervisningsopplegget er produsert av SSB som eit tilbod til lærarar med undervisning om berekraftig utvikling. Opplegget handlar om tal og fakta om klimagassutslepp, mål for å redusere utsleppa og internasjonale forpliktingar om klimagassutslepp. De kan velje å bruke berre delar av opplegget.

De vurderer sjølv når de ber elevane om å løyse oppgåver åleine, i par, i grupper og i heil klasse.

I nokre av oppgåvene skal elevane bruke statistikkbanken. De finn ein film og skriftlege rettleiingar om korleis de bruker statistikkbanken på ssb.no. De kan òg lære om statistikkbanken i undervisningsopplegget Slik finner du tall i statistikkbanken.

Læraren kan få fasit ved å skrive til skole@ssb.no. Skriv òg gjerne til oss dersom de har innspel til kva vi kan forbetre i dette undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lagar undervisningsopplegg om.

Ved å gjennomføre undervisningsopplegget vil elevane lære om:

  • sentrale omgrep om klimagassutslepp og fakta om utsleppa til Noreg og andre utvalde land
  • norske mål for reduksjon av klimagassutslepp og internasjonale forpliktingar
  • offisiell statistikk for norske klimagassutslepp frå ssb.no og frå miljøstatus.no

Vi tek utgangspunkt i omtalen av berekraftig utvikling i overordna del av læreplanen (udir.no). Der står det blant anna dette:

– Bærekraftig utvikling som tverrfaglig tema i skolen skal legge til rette for at elevene kan forstå grunnleggende dilemmaer og utviklingstrekk i samfunnet, og hvordan de kan håndteres. Bærekraftig utvikling handler om å verne om livet på jorda og å ta vare på behovene til mennesker som lever i dag, uten å ødelegge framtidige generasjoners muligheter til å dekke sine behov. En bærekraftig utvikling bygger på forståelsen av sammenhengen mellom sosiale, økonomiske og miljømessige forhold. Menneskehetens levesett og ressursbruk har konsekvenser lokalt, regionalt og globalt (Utdanningsdirektoratet, 2022).

Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.