I denne oppgåva skal de rekne ut tal for utsleppsmåla i 2030 og 2050. Då er målet å kutte utsleppa med høvesvis minst 55 prosent og 90–95 prosent samanlikna med 1990. De finn utsleppstalet for 1990 i statistikkbankens tabell 13931 eller i avsnittet "Offisielle tal for klimagassutslipp" i del 1.
Med måla over om prosentvis reduksjon i Noregs klimagassutslepp i 2030 og 2050 og det de veit om utsleppa i 1990 i millionar tonn CO2-ekvivalentar:
- Kva skal norske samla klimagassutslepp vere i 2030?
- Og i 2050?