Fabrikk med tre piper som slipper ut gasser, illustrasjon

I talen sin i FNs hovudforsamling den 23. september 2021 sa statsminister Erna Solberg dette:

– We are doing our part. Norway's new target is to cut emissions by at least 50 % – and towards 55 % – by 2030 (regjeringen.no).

Dette målet for 2030 er eit mål som Noreg har sett i avtalen som kjem etter Kyotoavtalen. Denne avtalen heiter Parisavtalen. I Parisavtalen blir utsleppsmålet framleis sett i forhold til 1990. Altså seier Erna Solberg at målet for Noreg er at utsleppa av klimagassar i 2030 skal vere 50−55 prosent lågare enn i 1990.  Det er også eit mål for norsk klimapolitikk at klimagassutsleppa skal kuttast med 90−95 prosent i 2050 (regjeringen.no, 2021).

Regjeringa Støre endra målet for 2030 den 3. november 2022, til minst 55 prosent. Statsminister Jonas Gahr Støre sa dette då det nye målet blei presentert:

– Jeg er glad for å kunne annonsere at Norge forsterker sitt mål til minst 55 prosent. Dette sender et sterkt signal til andre land, og vi håper flere vil forsterke sine mål, sier statsminister Jonas Gahr Støre (regjeringen.no, 2022).

Som regjeringen.no seier, så er Parisavtalen frå 2015, Kyotoprotokollen frå 1997 og FNs klimakonvensjon frå 1992 rammeverket for dei internasjonale klimaforhandlingane. 

Parisavtalen er den første avtalen som er juridisk bindande for alle land.

I Parisavtalen har landa som mål at temperaturen på jorda ikkje skal auke med meir enn 2 gradar Celsius samanlikna med førindustriell tid, men helst at ein skal klare å avgrense auken til 1,5 gradar.

Ved å løyse oppgåve E kan du finne ut kva Noregs utslepp skal vere i 2030 og 2050 med utsleppsmåla.

 

Pettersen, Stig Arild; Olerud, Kåre; Kallbekken, Steffen; Lahn, Bård. (2023, 10. august, henta). COP - FNs klimakonferanse. snl.no. https://snl.no/COP-FNs-klimakonferanse

Regjeringen (2021, 5. oktober). Internasjonale klimaforhandlinger. https://www.regjeringen.no/no/tema/klima-og-miljo/klima/innsiktsartikler-klima/de-internasjonale-klimaforhandlingene/id2741333/

Regjeringen(2021, 22. oktober). Klimaendringer og norsk klimapolitikkhttps://www.regjeringen.no/no/tema/klima-og-miljo/innsiktsartikler-klima-miljo/klimaendringer-og-norsk-klimapolitikk/id2636812/

Regjeringen. (2021, 23. september). Norway's statement at the United Nations General Assemblyhttps://www.regjeringen.no/no/aktuelt/norways-statement-at-the-united-nations-general-assembly/id2872363/

Regjeringen (2022, 3. november). Nytt norsk klimamål på minst 55 prosenthttps://www.regjeringen.no/no/aktuelt/nytt-norsk-klimamal-pa-minst-55-prosent/id2944876/

Regjeringen. (2023, august 28). Klimaendringer og norsk klimapolitikk. Hentet fra Regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/tema/klima-og-miljo/innsiktsartikler-klima-miljo/klimaendringer-og-norsk-klimapolitikk/id2636812/