Det finst også ein bokmålsversjon av dette undervisningsopplegget.

Informasjon til lærar

Undervisningsopplegget er produsert av SSB som et tilbod til lærarar med undervisning om demokrati og medborgarskap, og samfunnsfag/samfunnskunnskap. Vi har òg undervisningsopplegg om sametingsvalet og om kommunestyre- og fylkestingsval.

De kan velje å bruke ein eller fleire delar av opplegget, og i tillegg til å lese tekst, tabellar og figurar kan elevane lære om temaa ved å løyse oppgåver. De vurderer sjølv når de ber elevane om å løyse oppgåver åleine, i par, i grupper og i heil klasse.

Dersom de ønsker å lære meir om statistikkbanken før de løyser oppgåvene i dette undervisningsopplegget om stortingsval, gå til Slik finner du tall i statistikkbanken.

Lærarar kan få fasit til taloppgåvene ved å skrive til skole@ssb.no. Skriv òg gjerne til oss dersom de har innspel til kva vi kan forbetre i dette undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lagar undervisningsopplegg om.

  • Kjenne til utviklinga for partia i dei siste stortingsvala.
  • Kunne bruke offisiell statistikk om stortingsval.
  • Diskutere utviklinga i røysteretten og reflektere over dei unges deltaking.

Undervisningsopplegget er eit tilbod til lærarar med undervisning om demokrati og medborgarskap, samfunnsfag og samfunnskunnskap. Opplegget tek utgangspunkt i læreplanen i samfunnsfag (10. trinn) og samfunnskunnskap fellesfag vg1/vg2.

Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.