Studer korleis røysteretten har utvikla seg – altså utviklinga for den nedste delen ‘Stemmeberettigede’ i figuren, og svar på dei tre spørsmåla.
- Kva seier figuren om kvifor ikkje alle over 18 år kan røyste ved norske stortingsval no?
- For kva år blei det store ‘hopp’ i andelen røysteføre ved stortingsval?
- Veit de kvifor? Diskuter moglege forklaringar.
Figur 2. Stemmerettsregler og stemmeberettigede ved stortingsvalgene. 1875-2021
Figur 2 illustrerer røysterettsreglar og andel røysteføre i stortingsvala for perioden 1875–2021. Røysterettsreglar, viktige endringar: I 1884 ble røysteretten utvida. I 1898 fekk menn som var fylt 25 år røysterett, og i 1913 kvinnene som hadde fylt 25 år. I 1920 gjekk røysterettsalderen ned til 23 år, i 1946 til 21 år, i 1967 til 20 år og i 1978 til 18 år. Røysteføre, i prosent av personar (norske borgarar) over 18 år: I åra fram mot 1885 hadde om lag 1 av 10 røysterett. Røysteretten blei gradvis utvida mellom 1884 og 1913, og i 1913 var andelen tett opp mot 60 prosent. Andelen steig vidare, og i 1981 hadde nær 100 prosent av alle over 18 år røysterett. I 2021 hadde andelen sokke til 90,2 prosent fordi mange busette ikkje er norske statsborgarar.