Svar på spørsmåla, og snakk saman om dette i klassen:
- Kven kan røyste ved stortingsval i Noreg i dag?
- Når fekk alle menn røysterett?
- Og kvinner?
- Kor stor prosentdel av veljarane deltok i førre stortingsval (2021)?
- Korleis er valdeltakinga for dei to yngste veljargruppene i SSBs statistikk når de samanliknar dei to gruppene med kvarandre?
- Og når de samanliknar desse to gruppene med alle veljarane samla?
Sjekk svara dykkar her:
Spørsmål 1. Kven kan røyste ved stortingsval i Noreg i dag? Alle som oppfyller desse fire krava har røysterett ved stortingsval: Spørsmål 2. Når fekk alle menn røysterett? I 1898 fekk alle menn som hadde fylt 25 år røysterett. Spørsmål 3. Og kvinner? I 1913 fekk kvinner som hadde fylt 25 år røysterett. Spørsmål 4. Kor stor prosentdel av veljarane deltok i førre stortingsval (2021)? 77,2 prosent. Spørsmål 5. Korleis er valdeltakinga for dei to yngste veljargruppene i SSBs statistikk (aldersgruppene 18–19 år og 20–24 år) når de samanliknar dei to aldersgruppene med kvarandre? Valdeltakinga er høgare for dei som er i aldersgruppa 18–19 år enn for unge i aldersgruppa 20–24 år. Spørsmål 6. Og når de samanliknar desse to gruppene med alle veljarane samla? Valdeltakinga for dei to yngste aldersgruppene er lågare enn for dei som er eldre, med unntak av at valdeltakinga er høgare for dei i aldersgruppa 18–19 år enn for dei aller eldste veljarane (80 år eller eldre).