Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.

I dette undervisningsopplegget lærer elevane nokre fakta om tidsbruken i Noreg gjennom å lese om temaet og løyse oppgåver om forskjellar mellom aldersgrupper.

Ressursar i opplegget er Tidsbruksundersøkinga 2022, med tal for dette året og eit blikk på endringar frå 2010. Elevane bruker ein tabell og ei interaktiv visualisering i oppgåveløysinga.

Lærarar kan få fasit til omgreps- og taldelen av oppgåvene ved å skrive til skole@ssb.no.

Kontakt oss gjerne på skole@ssb.no dersom de har spørsmål eller kommentarar til opplegget.

tidsbruksundersøkinga for 2022 har 3077 personar i alderen 9–79 år notert kva dei gjer i to døgn, ned til intervall på 10 minutt og for hovudaktiviteten i den tidsperioden. Desse personane har blant anna svart på kor mykje tid dei bruker på arbeid som gjev dei inntekt, utdanning, husarbeid, frivillig arbeid og fritidsaktivitetar. At ein noterer ned hovudaktiviteten sin, kan føre til at ikkje alle aktivitetar blir registrerte. Dersom dei som svarer for eksempel seier at dei brukte tida til å reise, vil vi ikkje få med i statistikken at dei kanskje samstundes brukte tid på sosiale medium mens dei reiste.

Undersøkinga seier også noko om døgnrytmen vår og kven vi er saman med.

Tal i tidsbruksundersøkinga er gjennomsnittstal for alle personar i alderen 9–79 år for alle dagar i veka, inkludert helg og fridagar. Du kan finne tal for ulike aldersgrupper i tidsbruksundersøkinga.

  • Kjenne til korleis barn, ungdom og unge vaksne i Noreg og alle i alderen 9–79 år bruker tida.
  • Rekne ut og kjenne til nokre forskjellar i tidsbruken mellom barn, ungdom og unge vaksne og alle i alderen 9–79 år for nokre hovudaktivitetar.
  • Reflektere over korleis tala for tidsbruk samsvarer med eigen tidsbruk.

Opplegget tek utgangspunkt i:

Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.