Svar på spørsmåla:
- Kor mykje meir tid brukte gutar/menn enn jenter/kvinner i kvar av aldersgruppene 9–15 og 16–24 år i 2022 på dataspel/gaming i minutt? Finn dette ved å gå til statistikkbanktabell 14320: Tid brukt til ulike aktiviteter en gjennomsnittsdag, etter kjønn og alder 1970–2022. Her finn du tala for tidsbruk. Hugs at tala er oppgjevne i timar og minutt. Altså betyr for eksempel 0,50 her 50 minutt, ikkje ein halv time (30 minutt). 2,30 er 2 timar og 30 minutt. Du må velje aktivitet på detaljert nivå i statistikkbanken for å finne tal for dataspel/gaming. Du må etterpå rekne ut forskjellen mellom tidsbruken til gutar/menn og jenter/kvinner på dataspel/gaming i kvar aldersgruppe.
- Snakk saman. Kjenner de igjen forskjellar i tidsbruken for dataspel/gaming mellom gutar/menn og jenter/kvinner? Tala i tidsbruksundersøkinga er gjennomsnittstal, og det kan vere ein del variasjon i tida ein person bruker på dataspel/gaming.