I tidsbruksundersøkinga har vi tal for kva folk i ulike aldrar bruker tida si på.
I tidsbruksundersøkinga for 2022 har 3077 personar i alderen 9–79 år notert kva dei gjer i to døgn, ned til intervall på 10 minutt og for hovudaktiviteten i den tidsperioden. Desse personane har blant anna svart på kor mykje tid dei bruker på arbeid som gjev dei inntekt, utdanning, husarbeid, frivillig arbeid og fritidsaktivitetar. At ein noterer ned hovudaktiviteten sin, kan føre til at ikkje alle aktivitetar blir registrerte. Dersom dei som svarer for eksempel seier at dei brukte tida til å reise, vil vi ikkje få med i statistikken at dei kanskje samstundes brukte tid på sosiale medium mens dei reiste. Undersøkinga seier også noko om døgnrytmen vår og kven vi er saman med. Tal i tidsbruksundersøkinga er gjennomsnittstal for alle personar i alderen 9–79 år for alle dagar i veka, inkludert helg og fridagar. Du kan finne tal for ulike aldersgrupper i tidsbruksundersøkinga.
Kort refleksjon: Kva bruker du mest tid på i løpet av ein dag? Kor mange timar bruker du til søvn, skole (utdanning), fritidsaktivitetar osv.?
No skal vi sjå på kor mykje og korleis unge menneske, dei som er 9–15 og 16–24 år gamle, bruker fritida sin samanlikna med dei som er 25 år og eldre. Då blir du meir kjent med kva folk gjer i fritida si. I tillegg lærer du å bruke statistikk om temaet ved å finne tal og rekne på forskjellar i tidsbruk for ulike aldersgrupper og kjønn.
Dei som er 25–44 år har minst fritid
Dei tre yngste aldersgruppene i tidsbruksundersøkinga er dei som er i alderen 9–15,16–24 og 25–44 år. På ein gjennomsnittsdag har den yngste aldersgruppa nesten to timar meir fritid per døgn enn dei som er 25–44 år. Kanskje foreldra dine er i denne siste aldersgruppa, altså dei som er 25–44 år gamle? Det er denne gruppa som har minst fritid.
Prøv sjølv: Kva gruppe har mest og nest mest fritid? Ta ein kikk på figuren og finn ut det.
Dei heilt unge, som er 9–15 år, bruker 1 time og 15 minutt per dag i gjennomsnitt på dataspel og gaming. Dei som er 16–24 år bruker 57 minutt til dette. Til samanlikning er tidsbruken på dataspel og gaming 23 minutt for dei som er 25–44 år, altså ein god del lågare enn for dei to yngre aldersgruppene.
Vi ser av tala i tidsbruksundersøkinga at nesten ein tredel av alle i Noreg gamar kvar dag:
Men kva er svaret på spørsmålet i biletet – kven av oss som gamar mest og minst?
Vi tek ein kikk på tala for dataspel/gaming i statistikken. Då ser vi klart at svaret på spørsmålet om kven som gamar mest, er barn og unge i alderen 9–15 år, og at det er dei eldste (67–79-åringar) som gamar minst:
Prøv sjølv: Er det jenter/kvinner eller gutar/menn i dei to aldersgruppene 9–15 og 16–24 år som bruker mest tid på dataspel/gaming? Finn svaret ved å sjå på dette i visualiseringa.
Visualisering
Visualiseringen viser andel av døgnet som brukes til ulike aktiviteter en gjennomsnittsdag som et såkalt "tree map"-diagram. Døgnet er delt inn visuelt i seks hovedaktiviteter representert med ulike farger, og hver av disse er delt inn i én eller flere aktiviteter. Diagrammet viser begge kjønn og aldersgruppe 9-79 år, men ulike kombinasjoner av kjønn og aldersgruppe kan justeres. Arkfanene "Gruppert etter hovedaktivitet" og "Rangert etter aktivitet" viser de samme tallene presentert som stolpediagram. Bruksanvisning: Bruk filterboksene "Velg kjønn" og "Velg aldersgruppe" for å se på ulike kombinasjoner av kjønn og alder. Klikk på hovedaktivitet i tegnforklaringen for å framheve en hovedaktivitet. Det er også mulig å redusere diagrammet til kun én hovedaktivitet ved å klikke på "Keep only". Dersom du for eksempel vil se fordelingen av aktiviteter unntatt nattsøvn, det vil si hva folk bruker tiden på i det våkne døgnet, klikk på denne aktiviteten, vent litt og klikk på "Exclude". Nederst til høyre finner du ikoner for å dele visualiseringen med andre, enten som URL eller kode for å bygge inn visualiseringen. Du kan også dele en skreddersydd visning. Klikk på nedlastingsikonet for å laste ned som bilde (.png, .pdf, .ppt) eller dataene (.xls eller .csv). Metainformasjon: Tallgrunnlag: Tilgjengelighet: I denne interaktive visualiseringen tester vi ut presentasjon av tall fra Statistisk sentralbyrå på en alternativ og visuell måte, og løsningen kan anses som en pilot. Vi har lagt vekt på å utvikle slike visualiseringer med relativt liten ressursinnsats og brukt tredjepartsverktøy (her: Tableau Public). Hensikten er å få erfaring med nye formidlingsformer, samt få innspill fra brukere. Tjenesten er optimalisert for større skjermer, og det kan være interaktivitet som ikke er like brukervennlig på mobile klienter. Verktøyet oppfyller de fleste krav til universell utforming, men datavisualiseringer er i seg selv mest nyttig for personer med synssans. Send en forespørsel til kontaktpersonene dersom du ønsker tilgang til dette innholdet på en alternativ måte.
All informasjon om tallene finnes i statistikken Tidsbruksundersøkelsen.
Alle tallene til denne visualiseringen finnes i Statistikkbank-tabellen 14320.
Det er forskjellar i fritida til dei unge og andre aldersgrupper
Som delbiletet over av dataspel/gaming også gjev eit inntrykk av, er det forskjellar i korleis barn og ungdom, unge vaksne og dei som er eldre bruker fritida si. Dette ser vi tydeleg når vi ser på tala i tabell 1 for kvar aldersgruppe. Vi ser då at fjernsynssjåing (inkludert strøyming), altså TV-titting, er vanlegast for alle utanom dei heilt yngste. Dei to eldste aldersgruppene bruker aller minst fritid på dataspel/gaming, i motsetning til dei yngste som bruker mest fritid på dette. Vi ser også at dei yngre bruker mykje meir tid på sosiale medium enn dei eldre, mens biletet er motsett for lesing.
Men mykje er også likt. Alle aldersgruppene bruker nokså mykje av fritida på sosialt samvær og på idrett og friluftsliv.
Aktivitet 1 / alder | 9-15 år | 16-24 år | 25-44 år | 45-66 år | 67-79 år | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Idrett og friluftsliv | 1,03 | 0,48 | 0,39 | 0,46 | 0,55 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Underholdning og kulturbruk | 0,11 | 0,10 | 0,15 | 0,09 | 0,09 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sosialt samvær | 1,04 | 1,01 | 1,00 | 0,54 | 1,07 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bruk av sosiale medier | 0,41 | 0,35 | 0,15 | 0,10 | 0,08 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lesing | 0,07 | 0,09 | 0,10 | 0,17 | 0,46 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fjernsynsseing (inkludert strømming) | 0,58 | 1,10 | 1,28 | 2,09 | 2,58 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dataspill, gaming | 1,15 | 0,57 | 0,23 | 0,04 | 0,03 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Frivillig arbeid, organisasjonsdeltakelse | 0,03 | 0,08 | 0,04 | 0,07 | 0,13 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Avslapping | 0,29 | 0,42 | 0,22 | 0,28 | 0,17 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Annen fritid | 0,55 | 0,26 | 0,19 | 0,26 | 0,44 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Reiser i samband med fritid | 0,32 | 0,39 | 0,34 | 0,38 | 0,39 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1Merk at tallene er oppgitt i timer og minutter. 0,50 betyr her 50 minutter, ikke en halv time (30 minutter). 2,30 er 2 timer og 30 minutter. |
Prøv sjølv: Klarer du å finne ut kva aldersgruppe som brukte mest tid til å sjå på TV (fjernsynssjåing inkludert strøyming) i 2022? Kor mykje meir tid i timar og minutt brukte denne gruppa på dette samanlikna med den gruppa som brukte minst tid på å sjå på TV i 2022? Bruk tabellen over eller statistikkbanktabell 14320 til å finne svara.
Heilt presist har vi med desse elleve aktivitetane i omgrepet «fritid» i SSBs tidsbruksundersøking:
Gjer oppgåve A og B.
Egge-Hoveid, K., Rønning, E. (2024, 18. desember). Barns hverdagsliv i endring. SSB. https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/tids-og-mediebruk/statistikk/tidsbruksundersokelsen/artikler/barns-hverdagsliv-i-endring Rønning, E. (2024, 5. september). Hva bruker vi tiden vår på? SSB. https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/tids-og-mediebruk/statistikk/tidsbruksundersokelsen/artikler/hva-bruker-vi-tiden-var-pa Statistisk sentralbyrå. (2024, 5. september). Tidsbruksundersøkelsen. https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/tids-og-mediebruk/statistikk/tidsbruksundersokelsen