Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.

De kan velje å bruke ein eller fleire delar av opplegget, og i tillegg til å lese tekst, tabellar og figurar kan elevane lære om temaa ved å løyse oppgåver. De vurderer sjølv når de ber elevane om å løyse oppgåver åleine, i par, i grupper og i heil klasse.

Lærarar kan få fasit til taldelen av oppgåvene i «Del 3. Ikkje-heterofile har dårlegare levekår enn andre» ved å skrive til skole@ssb.no.

  • Utforske og presentere fakta om samlivsformer, og om ikkje-heterofile og deira livskvalitet i Noreg.
  • Reflektere over faktaa, talar og diskusjonar om livsvilkåra til ikkje-heterofile i Noreg.

Undervisningsopplegget er eit tilbod til lærarar med undervisning om folkehelse og livsmeistring, og samfunnskunnskap. Opplegget tek utgangspunkt i læreplanen i samfunnskunnskap fellesfag vg1/vg2.

Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.