Svaret er kanskje både ja og nei, i den forstand at offisiell statistikk for det meste har hatt startpunkt når lovverk om ikkje-heterofile har endra seg. I offisiell statistikk er det er slik at vi først – i det store biletet – heilt nyleg har laga statistikk om ekteskap mellom like kjønn.
Illustrasjonen viser at per 1. januar 2022 har 6 864 likekjønna par sagt ja til kvarandre sidan det blei mogleg å inngå partnarskap og gifte seg. Illustrasjonen viser òg at 1 693 barn bur saman med likekjønna foreldre som er registrerte partnarar eller gifte. Vidare at 165 av dei har foreldre som er menn, mens 1 528 har foreldre som er kvinner.
La oss no sjå på tala om ekteskap og partnarskap i offisiell statistikk:
- For par av like kjønn starta vi å lage statistikk for inngåtte ekteskap for året 2009. Det kjem av at ekteskapslova blei endra 1. januar 2009.
- Før det har vi tal for inngåtte partnarskap mellom personar av like kjønn tilbake til 1993, då partnarskapslova kom.
- For ekteskap mellom personar av ulike kjønn (mann og kvinne) finst det tal heilt tilbake til 1770.
Det de les i teksten og ballpunkta over og ser under i tabell 1 og figur 1, indikerer at statistikken gjev eit bilete av situasjonen slik ekteskaps- og partnarskapslovene har vore.
SSB lagar også tal om sambuarar kvart år, basert på folkeregisteret. Då er sambuarar definerte som par som er i samliv utan å ha inngått ekteskap eller registrert partnarskap. For å bli rekna som sambuarar må personane i tillegg til å vere busette i same bustad vere av ulike kjønn (mann og kvinne) (Statistisk sentralbyrå, 2023).
Folkeregisteret er datagrunnlaget vårt, og SSB har dette med i statistikken:
- For 1980 har vi tal for sambuarar av ulike kjønn frå folke- og bustadteljinga. Frå 1987 til 2005 laga SSB statistikk om sambuarpar med felles barn kvart år.
- Frå og med 2005 starta SSB å lage statistikk om sambuarar av ulike kjønn, i dei to kategoriane utan barn og med barn.
Kvart tredje år lagar SSB også tal for sambuarar ut frå svar vi får i ei intervjuundersøking for eit utval av personar (Statistisk sentralbyrå, 2023). Då er det opp til dei som SSB intervjuar, om dei definerer seg som sambuarar. Personar av same kjønn kan derfor inngå i tala. Men vi spør ikkje om seksuell orientering, og har derfor ingen tal for ikkje-heterofilt og heterofilt sambuarskap.
Statistikken SSB lagar frå intervjudataa, gjev høgare tal på sambuarpar enn dei årlege tala som er baserte på folkeregisteret (Statistisk sentralbyrå, 2015). I ei undersøking frå 2015 anslo vi ut frå intervjudataa at det var 350 000 sambuarpar i Noreg, mens det var 315 000 sambuarpar i statistikken som hadde folkeregisteret som datagrunnlag. I statistikken basert på folkeregisteret må ein ha same folkeregistrerte adresse for å bli definert som sambuarar.
Løys oppgåve A som du finn nedst på sida.
Statistisk sentralbyrå. (2015, 26. november). Samboere, 2012-2014. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/befolkning/statistikker/samboer/aar/2015-11-26 Statistisk sentralbyrå. (2023, 3. mai). Samboere. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/befolkning/barn-familier-og-husholdninger/statistikk/samboere Statistisk sentralbyrå. (2023, 22. september). Familier og husholdninger. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/befolkning/barn-familier-og-husholdninger/statistikk/familier-og-husholdninger Statistisk sentralbyrå. (2024, 6. mai). Ekteskap og skilsmisser. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/befolkning/barn-familier-og-husholdninger/statistikk/ekteskap-og-skilsmisser