Første ledd av paragrafen i straffeloven lydde:
– § 213. Finder utugtig Omgjængelse Sted mellem Personer af Mandkjøn, straffes de, der heri gjør sig skyldige, eller som medvirker dertil, med Fængsel indtil 1 Aar. (Lovdata, 2022)
Men kor mange som blei dømde for slike forhold før lovendringa, veit vi ikkje heilt nøyaktig, sjølv om vi har tal langt tilbake i tid om kriminalitet i Noreg. Og etter 1972 vil det ikkje lenger finnast tal i kriminalstatistikken for forhold som §213 omhandla, fordi sex mellom menn ikkje lenger blei sett på som ei kriminell handling.
Noreg var seint ute med å avkriminalisere sex mellom menn samanlikna med andre land i dåverande Vest-Europa (Jessen, 2022). I 1972 blei også forbodet mot sambuarskap mellom menn oppheva (Jessen, 2022).
Statsminister Jonas Gahr Støre bad i ein tale den 20. april 2022 om orsaking for behandlinga av homofile. Han gjorde dette på vegner av regjeringa og den norske fellesskapen.
Statsministeren skriv i talen at:
– Mellom 1902 og 1950 ble mange menn i Norge dømt for å ha hatt seksuell omgang med en annen mann (Støre, 2022).
I fotnoten til teksten hans står det at Støre i talen sa at 119 menn blei dømde for å ha hatt seksuell omgang med ein annan mann, men at dette er upresist (Støre, 2022). I artikkelen på Lovdata (2022) blir det peikt på at då §213 blei oppheva i 1972, så var paragrafen ein «sovande paragraf», altså at han då ikkje blei brukt til å dømme og straffe. Artikkelen trekker fram at avskaffinga av paragrafen hadde ein stor «symbolsk verdi» (Lovdata, 2022).
Som de har sett, så endrar statistikk seg når samfunnet og lovene endrar seg. Vi har nå vore kort innom kriminalstatistikk og statistikk om dei tre samlivsformene ekteskap, partnarskap og sambuarskap.
SSB har også ny statistikk som gjev svar på spørsmål om levekår og livskvalitet, med tal også for ikkje-heterofile. Tala er samla inn i livskvalitetsundersøkingane for kvart av åra 2020–2024, og handlar om oppleving av meining og meistring, tilfredsheit med ulike livsområde som butilhøve, helse, arbeid og økonomi, og om positive og negative kjensler. Du kan lære meir om temaet livskvalitet for ikkje-heterofile i del 3: Ikkje-heterofile har dårlegare levekår enn andre.
Løys oppgåve B som du finn nedst på sida.
Jessen, R. S. (2022, 22. mai). Paragraf 213 (seksuell omgang mellom menn som straffbart forhold). Store norske leksikon. https://snl.no/Paragraf_213_-_seksuell_omgang_mellom_menn_som_straffbart_forhold Lovdata. (2022, 29. april). 50 år siden opphevelsen av straffeloven § 213 – «homoparagrafen». https://lovdata.no/artikkel/50_ar_siden_opphevelsen_av_straffeloven _%C2%A7_213__%C2%ABhomoparagrafen%C2%BB/3943 Statistisk sentralbyrå. (2024, 29. oktober). Livskvalitet. https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/levekar/statistikk/livskvalitet Støre, J. G. (2022, 20. april). Statsministerens tale med unnskyldning til skeive. Regjeringen.no. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/statsministerens-tale-med-unnskyldning-til-skeive/id2908954/