To personer med et hjerte i mellom, illustrasjon

Det er stor forskjell i livskvalitet mellom heterofile og ikkje-heterofile i Noreg. Ikkje-heterofile skårar dårlegare enn befolkninga generelt på alle indikatorar vi måler livskvalitet etter.

Indikatorer for livskvalitet for heterofile og ikke-heterofile. Andel med lav skår på ulike indikatorer.
 

Illustrasjonen viser andelar heterofile og ikkje-heterofile med lav skår på ulike indikatorar for livskvalitet. I det følgjande er andelen for ikkje-heterofile sett i parentes: optimisme for framtida 21 prosent (28), oppleving av meining: 23 prosent (42), oppleving av engasjement: 20 prosent (32), oppleving av meistring: 24 prosent (35) og givande sosiale relasjonar: 25 prosent (29). 

Kjelder: Statistikkbanktabell 13797: Mening og mestring, etter seksuell orientering 2022–2023 og Livskvalitet, Statistisk sentralbyrå

Ikkje-heterofile skårar også dårlegare på levekårsindikatorar som tilknyting til arbeid, økonomisk situasjon, buforhold og helse.

Ulike levekårsindikatorer for heterofile og ikke-heterofile. Andel med lav tilfredshet med utvalgte forhold.
 

Illustrasjonen viser andel heterofile og ikkje-heterofile med låg tilfredsheit for ulike levekårsindikatorar. I det følgjande er andelen for ikkje-heterofile sett i parentes: livet i alt: 24 prosent (42), fysisk helse: 35 prosent (47), psykisk helse: 26 prosent (51), staden der ein bur: 13 prosent (21), fritid til rådigheit: 28 prosent (43) og økonomisk situasjon: 34 prosent (58).

Kjelder: Statistikkbanktabell 13769: Andel personer, etter tilfredshet, statistikkvariabel, år og seksuell orientering 2022–2023og Livskvalitet, Statistisk sentralbyrå

Men før de startar å lese og jobbe meir med tal om dette, så bør de lese om korleis vi definerer omgrepet ikkje-heterofil i statistikken om livskvalitet, og korleis vi plasserer omgrepet inn i ramma av omgrep som ofte blir brukte om seksuell orientering:

I statistikken om livskvalitet er seksuell orientering basert på sjølvrapportering av seksuell orientering, inndelt i tre grupper: heterofile, ikkje-heterofile og veit ikkje/vil ikkje svare.

Ikkje-heterofile er i statistikken om livskvalitet for 2023 definerte som personar som ikkje valde heterofil, men anten homofil, lesbisk, bifil, panfil, skeiv, aseksuell, flytande eller anna seksuell orientering på spørsmål om kva kategori som beskriv deg. Med fleire årgangar av livskvalitetsundersøkinga er det blitt mogleg å dele tala for ikkje-heterofile inn i undergrupper, og Arnesen (2024) analyserer livskvaliteten til dei som identifiserer seg som homofile, lesbiske, bifile, panfile, skeive, aseksuelle og flytande. I dette undervisningsopplegget går vi ikkje inn i denne detaljerte analysen, men samanliknar tal for ikkje-heterofile og heterofile.

Du kan lese meir om ulike omgrep brukt om seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskarakteristika på sidene til Bufdir.

Kjelder: Livskvalitet, SSB, Likestilling og diskriminering, Bufdir

Det er meir vanleg med låg utdanning, dårleg helse og låg inntekt blant ikkje-heterofile enn blant heterofile (Engvik, 2022b og Arnesen, 2024). Engvik (2022b) har undersøkt om det er slik at ikkje-heterofile har fleire levekårsproblem enn heterofile når vi tek omsyn til desse faktaa. Ho finn ut at ikkje-heterofile i gjennomsnitt har dårlegare levekår. Funna i livskvalitetsundersøkinga for 2022 svarer til desse tidlegare analysane av livskvaliteten og levekåra til ikkje-heterofile, og tilseier at ikkje-heterofile er ei utsett gruppe (Engvik, 2022a).

Vi skal ikkje sjå på alle levekårsindikatorane no, men konsentrere oss om økonomi. Kor god økonomi du har, det å føle at du veit at du kan klare å betale rekningar og om du føler deg trygg der du bur, har mykje å seie for velferd og livskvalitet (Gram, 2021).

I Noreg er det slik at omtrent kvar femte vaksne person ikkje kan klare å betale ei forutsett utgift på 19 000 kroner i løpet av ein månad utan å måtte låne eller få pengar av andre. For ikkje-heterofile er det mange fleire (ein av tre) som ikkje klarer dette (Engvik, 2022b). Figur 2 seier meir om korleis dette er for heterofile og ikkje-heterofile i ulike aldersgrupper.

Figur 2. Andel som ikke har mulighet til å klare en uforutsett utgift, etter seksuell orientering og aldersgrupper

Engvik (2022b) fortel også at det er slik at ikkje-heterofile oftare har låginntekt enn heterofile:

Figur 3. Andel med lavinntekt, etter seksuell orientering

Låginntekt er definert som at inntekta er under 60 prosent av medianinntekta i befolkninga, og er justert for storleiken på hushaldet. I 2022 var medianinntekta etter at ein hadde betalt skatt, for alle hushald på 590 400 kroner (Statistisk sentralbyrå, 2023).  

Medianinntekta er den observasjonen som er i midten av inntektsbeløpa når alle inntekter i Noreg blir plasserte i stigande rekkefølgje.

Ein annan måte å seie dette på er at medianinntekta er det inntektsbeløpet som deler ei fordeling i to like store grupper, etter at inntekta er sortert stigande (eller søkkande). Dersom fordelinga gjeld hushald, vil det være like mange hushald med inntekt over som under medianinntekta (Statistisk sentralbyrå, 2022).

Her ser du eit bilete av kva medianen er, for fiktive månadsinntekter:

 

Illustrasjon av hva medianen er. Vi har seks personer med månedsinntekter sortert i stigende rekkefølge: kr. 35 000, kr. 35 000, kr. 38 000, kr. 40 000, kr. 43 000 og kr. 81 000. Her blir medianen gjennomsnittet av de to midterste inntekten, som er kr. 38 000 og kr. 40000- Medianen er derfor kr. 39 000.

Illustrasjon av kva medianen er. Vi har seks personar med månadsinntekter sorterte i stigande rekkefølgje: kr 35 000, kr 35 000, kr 38 000, kr 40 000, kr 43 000 og kr 81 000. Her blir medianen gjennomsnittet av dei to midtre inntektene, som er kr 38 000 og kr 40 000. Medianen er derfor kr 39 000.

Du finn meir informasjon om temaet bustad og om andre levekårsutfordringar for ikkje-heterofile i Engviks artikkel Dårligere levekår blant ikke-heterofile og Arnesens artikkel Lavere livskvalitet blant ikke-heterofile.

Løys oppgåvene C og D som du finn nedst på sida.

Arnesen, H. S. (2024, 4. januar). Lavere livskvalitet blant ikke-heterofile. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/levekar/artikler/lavere-livskvalitet-blant-ikke-heterofile

Bufdir (2024). Likestilling og ikke-diskriminering. Henta frå bufdir.no:https://www.bufdir.no/likestilling/

Bufdir (2024). Lhbt+-ordlista. Henta frå bufdir.no: https://www.bufdir.no/likestilling/lhbtiq-ordlista/

Dæhle, M. (2021, 27. januar). Nå vet vi mer om hvordan skeive har det i Norge. Henta frå forskning.no: https://forskning.no/homoseksualitet/na-vet-vi-mer-om-hvordan-skeive-har-det-i-norge/1804156

Engvik, M. (2022a, 1. desember). Hvor fornøyde er vi med livet i Norge? Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/levekar/statistikk/livskvalitet/artikler-om-livskvalitet/hvor-fornoyde-er-vi-med-livet-i-norge

Engvik, M. (2022b, 18. februar). Dårligere levekår blant ikke-heterofile. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/levekar/artikler/darligere-levekar-blant-ikke-heterofile 

Fløtre, I. A., & Tuv, N. (2022, 29. mars). Hva er vanlig lønn i Norge? Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/artikler/hva-er-vanlig-lonn-i-norge

Gram, K. H. (2021, 26. januar). 1 av 3 skeive lite tilfreds med egen psykisk helse. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/artikler-og-publikasjoner/1-av-3-skeive-lite-tilfreds-med-egen-psykisk-helse

Statistisk sentralbyrå. (2017, 1. februar). Gjennomsnitt, median eller kvartiler? Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/metoder-og-dokumentasjon/gjennomsnitt-median-eller-kvartiler

Statistisk sentralbyrå. (2023, 16. november). Livskvalitet. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/levekar/statistikk/livskvalitet

Statistisk sentralbyrå. (2023, 19. desember). Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/inntekt-og-forbruk/inntekt-og-formue/statistikk/inntekts-og-formuesstatistikk-for-husholdninger