Statistikk innhold

Statistikk om

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport

Statistikken viser korleis kostnadene for vare- og lastebilar endrar seg kvart kvartal samanlikna med ein tidlegare periode.

Oppdatert: 17. januar 2025
Neste oppdatering: 23. april 2025

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport (4. kvartal 2021 = 100)
    Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport (4. kvartal 2021 = 100)
    4. kvartal 2024
    KostnadsindeksEndring siste kvartal (prosent)Endring siste år (prosent)
    Utan bom- og ferjekostnader
    Alle transporttyper utenom varebiltransport120,10,50,5
    Nærtransport120,00,51,0
    Regionaltransport119,60,50,7
    Langtransport120,30,50,4
    Tank- og bulktransport120,80,40,5
    Tømmertransport120,90,40,4
    Anleggstransport, korte strekninger119,90,50,0
    Renovasjon, hushaldsavfall121,60,42,0
    Varebiltransport120,92,34,3
    Med bom- og ferjekostnader
    Alle transporttyper utenom varebiltransport120,00,50,9
    Nærtransport119,80,51,4
    Regionaltransport119,50,51,1
    Langtransport120,00,51,1
    Tank- og bulktransport120,70,50,9
    Tømmertransport120,80,40,6
    Anleggstransport, korte strekninger119,80,50,2
    Renovasjon, hushaldsavfall121,50,42,1
    Varebiltransport120,62,34,4
    Standardteikn i tabellar
  • Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport utan bom, ferje og drivstoff (4. kvartal 2021=100)
    Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport utan bom, ferje og drivstoff (4. kvartal 2021=100)
    4. kvartal 2024
    KostnadsindeksEndring siste kvartal (prosent)Endring siste år (prosent)
    Utan bom, ferje og drivstoff
    Alle transporttyper utenom varebiltransport120,80,53,6
    Nærtransport120,50,53,8
    Regionaltransport120,20,53,8
    Langtransport121,10,53,7
    Tank- og bulktransport121,80,53,8
    Tømmertransport122,00,44,0
    Anleggstransport, korte strekninger120,60,53,4
    Renovasjon, hushaldsavfall122,20,44,0
    Varebiltransport120,12,36,2
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 24. mars 2025.

Køyretøygruppe: er ein inndeling av lastebilparken i ulike grupper etter kva for type transport bilane brukast til. Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport består av 8 slike køyretøygrupper:

  1. Nærtransport, transport rundt 50 kilometer
  2. Regionaltransport, transport rundt 100 kilometer
  3. Langtransport, transport rundt 500 kilometer
  4. Tank- og bulktransport
  5. Tømmertransport
  6. Anleggstransport, korte strekningar
  7. Renovasjon, hushaldsavfall
  8. Varebiltransport, varebilar med total vekt under 3,5 tonn

Pris er faktiske utsalspriser på varer og tenester som som blir kjøpt av eigarane i vare- og lastebilnæringa.

Kostnadskomponentar er dei viktigaste utgiftene som eigarar av vare- og lastebilar har:

Kostnadsgruppene er utgangspunktet for delindeksane. Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport består av fem slike delindeksar:

1. Arbeidskraftkostnader

2. Drivstoff

3. Bom- og ferjekostnader

4. Kapital (Avskrivingar og rentekostnader)

5. Øvrige kostnader (dekk, forsikring, vedlikehald og reparasjon, administrasjon, vektårsavgift/årsavgift)

Vekt: viser kostnadsdelen for ein kostnadskomponent, kostnadsgruppe eller næring som inngår i ein indeks. Vektdelen brukast som eit mål på kor viktig ein kostnadskomponent er og avgjer kor mykje den skal telje i ein indeks.

Arbeidskraftkostnader

  • inngår utbetalt avtalt løn og indirekte kostnader (sosiale kostnader, arbeidsgjevaravgift og liknande) i avtalt arbeidstid for heiltids- og deltidstilsette.

Drivstoff

  • er basert på rettleiande truckdieselpriser frå eit utval forhandlarar over heile landet for lastebiltransport og konsumprisindeks for autodiesel til varebiltransport.

Bom og ferjekostnader

  • er basert på prisar for bompengeselskap og ferjeselskap henta frå Internet

Kapitalkostnader

  • består av avskrivingskostnader og rentekostnader. Prisutviklinga på chassis og påbygg blir innhenta frå marknadsdominerande prisleverandørar. Renteutviklinga er basert på 3-månader NIBOR-rente frå Norske Finansielle Referanser AS (NoRe) pluss utlånsmargin.

Øvrige kostnader er basert på

  • Prisutviklinga for ulike dekktypar frå dei største merkeforhandlarane
  • Administrasjonskostnader inkluderer husleige, porto, tele, papirrekvisita
  • Forsikringskostnader er basert på rapportering frå forsikringsselskapa som har størst marknadsdelar innanfor næringa
  • Årsavgifter og vektårsavgifter oppdaterast ved endringar i avgiftsnivåa
  • Reparasjon/service følgjer utviklinga i prisindeksen for vedlikehald og reparasjon på verkstad som inngår i Konsumprisindeksen. Denne indeksen fangar opp den generelle prisutviklinga på verkstadstenester (delar og timepris) hos bilverkstader

Statistisk sentralbyrå utarbeider også ein prisindeks for godstransport på veg som måler utviklinga i den utfakturerte prisen for transporttenester, https://www.ssb.no/priser-og-prisindekser/produsent-og-engrosprisindekser/statistikk/produsentprisindekser-for-tjenester

Gjeldende Standard for næringsgruppering (SN2007) i Statistisk sentralbyrå bygger på EUs standard NACE Rev. 2.

Relatert innhold