Elevar i grunnskolen

Oppdatert: 13. desember 2024

Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Endring i antall privatskoler
Endring i antall privatskoler
2014 - 2024
33,2
%
 
Grunnskolar og elevar etter eigeforhold. Absolutte tal og endring i prosent
Grunnskolar og elevar etter eigeforhold. Absolutte tal og endring i prosent
2024Endring i prosent
2014 - 20242023 - 2024
Grunnskolar i alt2 692-6,7-0,7
Private skolar27733,2-0,4
Offentlege skolar2 415-10,1-0,5
Elevar i alt631 3692,0-0,9
Elevar i private skolar31 66054,92,2
Elevar i offentlege skolar599 7090,2-1,0
Standardteikn i tabellar

Utvalde tabellar og figurar frå denne statistikken

  • Grunnskolar, etter skoleslag. Elevar i grunnskolen
    Grunnskolar, etter skoleslag. Elevar i grunnskolen
    SkoleårSkolar i altSkoleslagElevar
    BarneskolarKombinerte skolarUngdomsskolarElevar i altBarnestegUngdomssteg
    20142 8861 656738492618 996430 864188 132
    20152 8671 636738493623 755438 387185 368
    20162 8581 615746497629 275444 638184 637
    20172 8481 601746501633 029447 355185 674
    20182 8301 585741504636 350448 655187 695
    20192 7991 548749502636 250446 218190 032
    20202 7761 539744493635 497443 967191 530
    20212 7611 527741493634 674439 644195 030
    20222 7401 506741493636 934437 855199 079
    20232 7111 477743491637 051434 422202 629
    20242 6921 461738493631 369429 723201 646
    Standardteikn i tabellar
  • Elevar med spesialundervisning/individuelt tilrettelagd opplæring, tal og del
    Elevar med spesialundervisning/individuelt tilrettelagd opplæring, tal og del
    SkoleårElevar i altElevar med spesialundervisning/individuelt tilrettelagd opplæringAndel elevar som får spesialundervisning/individuelt tilrettelagd opplæring
    2019636 25048 9397,7
    2020635 49748 6847,7
    2021634 67449 2467,8
    2022636 93449 8147,8
    2023637 05151 2858,1
    2024631 36950 5478,0
    Standardteikn i tabellar
  • Elevar i grunnskolen og grunnskolar, etter eigarform
    Elevar i grunnskolen og grunnskolar, etter eigarform
    Skolar i altPrivate grunnskolarElevar i altElevar i private grunnskolar
    20142 886208618 99620 436
    20152 867224623 75521 558
    20162 858229629 27520 562
    20172 848235633 02921 703
    20182 830252636 35025 370
    20192 799261636 25027 027
    20202 776267635 49728 100
    20212 761270634 67429 037
    20222 740278636 93430 045
    20232 711278637 05130 986
    20242 692277631 36931 660
    Standardteikn i tabellar
  • Skolar og elevar etter skolestorleik. Prosent
    Skolar og elevar etter skolestorleik. Prosent
    GrunnskolarElevar
    0-99 elevar100-299 elevar300 elevar eller meir0-99 elevar100-299 elevar300 elevar eller meir
    201729,539,830,76,634,858,6
    201828,740,131,26,234,659,2
    201928,339,732,06,133,860,2
    202028,039,932,26,133,860,1
    202127,840,132,16,134,159,9
    202227,739,532,86,133,360,6
    202326,840,332,95,833,760,5
    202426,840,332,95,933,860,3
    Standardteikn i tabellar
  • Elevar med morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring, tilrettelagd opplæring og særskild norskopplæring, etter fylke. 1. oktober
    Elevar med morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring, tilrettelagd opplæring og særskild norskopplæring, etter fylke. 1. oktober
    202420242024202420242024
    Elevar i altElevar med bare morsmålsopplæringElevar med både morsmåls- og tospråkleg fagopplæringElevar med bare tospråkleg opplæringTilrettelagt opplæringElevar med særskild norskopplæring
    I alt631 3692 2531 0198 7241 30549 055
    Østfold35 193:231 16072 618
    Akershus92 2111473720224 503
    Oslo69 196920:714 368
    Innlandet39 01722655111952 838
    Buskerud30 000:10134151 554
    Vestfold28 913:7621161 245
    Telemark19 47813961231 190
    Agder38 967::585272 189
    Rogaland64 800383911 5171284 222
    Vestland76 1181 4861149772325 243
    Møre og Romsdal31 374:143861292 292
    Trøndelag - Trööndelage54 4395721858043033 573
    Nordland - Nordlánnda26 06421174651401 730
    Troms - Romsa - Tromssa17 597746120514944
    Finnmark - Finnmárku - Finmarkku7 784:302567542
    Svalbard21900004
    Standardteikn i tabellar
  • Elevar med morsmålsopplæring og særskild norskopplæring
    Elevar med morsmålsopplæring og særskild norskopplæring
    SkoleårElevar i altElevar med morsmåls- og/eller tospråkleg fagopplæringElevar med særskild norskopplæring
    2020635 49710 62439 808
    2021634 67410 37439 725
    2022636 93411 37243 949
    2023637 05113 20048 046
    2024631 36913 30149 055
    Standardteikn i tabellar
  • Elevar, etter elevens målform og fylke. 1. oktober
    Elevar, etter elevens målform og fylke. 1. oktober
    2024202420242024
    ElevarBokmålNynorskSamisk
    I alt631 369552 53570 889913
    Østfold35 19334 42410
    Akershus92 21190 98731
    Oslo69 19667 96223
    Innlandet39 01736 0662 7563
    Buskerud30 00029 3744220
    Vestfold28 91328 53100
    Telemark19 47817 5201 7561
    Agder38 96737 2291 3280
    Rogaland64 80049 93213 6140
    Vestland76 11839 76036 1710
    Møre og Romsdal31 37416 41814 8310
    Trøndelag - Trööndelage54 43853 764427
    Nordland - Nordlánnda26 06426 033030
    Troms - Romsa - Tromssa17 59717 3140101
    Finnmark - Finnmárku - Finmarkku7 7847 0030747
    Svalbard21921810
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Føremålet med grunnskolestatistikken er å gi samfunnsnyttig informasjon om tilstanden i grunnskolen. Statistikken skal dekkje informasjonsbehovet både hos utdanningsmyndigheiter og andre interesserte.

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 3. desember 2024.

Definisjonar av omgrep som nyttast i statistikken i tillegg til definisjonane nedanfor finst i Grunnskolens informasjonssystem (GSI).

Opplæringslova

Opplæringslova er ein felles lov for grunnskole og vidaregåande opplæring, og for opplæring av vaksne i grunnskolen og vidaregåande skolen. Lova omfattar opplæring på desse områda. Ny opplæringslov tredde i kraft 1. august 2024.

Grunnskoleopplæring

Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til offentleg grunnskoleopplæring.

Etter § 28-1 i opplæringslova er kommunen ansvarleg for at barn og ungdom opp til 16 år i kommunen får grunnskoleopplæring. For barn i fylkeskommunale sosiale og medisinske institusjonar er fylkeskommunen ansvarleg for opplæringa. Staten og fylkeskommunen kan ta over ansvaret til kommunen. Grunnskoleopplæringa skal vanlegvis begynne det kalenderåret barnet fyller 6 år og avsluttast etter at eleven har fullført det tiande skoleåret. Grunnskoleopplæring omfattar også opplæring på området for grunnskolen av personar over grunnskolealder. Kommunane har ansvar for førebuande opplæring for vaksne (tidlegare kalt grunnskoleopplæring for vaksne).

Skoleåret

Den årlege undervisningstida (minstetimetalet) skal fordelast på minst 38 veker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker, jf. § 14-1 i opplæringslova. Denne ramma kallast skoleåret og startar vanlegvis 1. august kvart år.

Elev i grunnskole

Barn og unge som etter § 2-1 og § 2-2 i opplæringslova har rett og plikt til grunnskoleopplæring. Det gjeld for det meste barn og unge i alderen 6 til 15 år. Vidare gjeld det også personar over grunnskolealder som får undervisning på området for grunnskolen.

Årstrinn

Årstrinna i grunnskolen er frå 1 til 10 (1.-10. årstrinn). Alle elevar flyttast opp eit årstrinn kvart år.

Barnesteg/ungdomssteg

Barnesteget omfattar 1.-7. årstrinn og ungdomssteget 8.-10. årstrinn.

Grunnskolar

Grunnskolar er kommunale, fylkeskommunale eller statlege skolar for grunnskoleopplæring eller private grunnskolar godkjende etter § 22-1 i opplæringslova eller etter privatskolelova.

Barneskolar

Skolar som normalt har 1. til 7. årstrinn.

Ungdomsskolar

Skolar som normalt har 8. til 10. årstrinn.

Kombinerte skolar

Skolar som normalt har 1. til 10. årstrinn.

Målform

Den opplæringsmålforma (bokmål, nynorsk eller samisk) som kommunen har vedteke for skolen.

Språklege minoritetar

Personar som har andre morsmål (førstespråk) enn norsk og samisk. Med morsmål meiner ein her språk som nyttast i dagleg tale i heimen til personen.

Morsmålsopplæring

Morsmålsopplæring er opplæring i morsmålet til elevar frå språklege minoritetar. Opplæringslova gir i § 2-8 heimel til å gi forskrifter om plikt for kommunane til å gi særskild opplæring i morsmål for elevar frå språklege minoritetar, jf. kapittel 24 i forskrift til opplæringslova. Vaksne frå språklege minoritetar som tek opplæring i grunnskolen, er ikkje med i ordninga med morsmålsopplæring.

Særskild norskopplæring

Særskild norskopplæring for språklege minoritetar er anten ei tilleggsopplæring i norsk eller opplæring i faget norsk for elevar frå språklege minoritetar (norsk 2) som er eit eige fag i læreplanen, eller ein kombinasjon av desse.

Individuelt tilrettelagd opplæring/Spesialundervisning

Viser til § 11-6 i opplæringslova om "Elevar har rett til individuelt tilrettelagd opplæring dersom dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa."

Omgrepet spesialundervisning frå tidlegare opplæringslov er no delt i tre: individuelt tilrettelagd opplæring, personleg assistanse og fysisk tilrettelegging.

Namn: Elevar i grunnskolen
Emne: Utdanning

Foreløpig ikkje fastsett

Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk

Kommune, fylke og nasjonalt nivå.

Data om grunnskolen blir samla inn med teljingsdato 1. oktober kvart år. Endelege tal blir publisert medio desember.

SSB rapporterer statistikken til følgende internasjonale organisasjoner:

  • OECD
  • UNESCO
  • Eurostat

SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.

SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.

Føremålet med grunnskolestatistikken er å gi samfunnsnyttig informasjon om tilstanden i grunnskolen. Statistikken dekkjer informasjonsbehovet både hos utdanningsmyndigheiter og andre interesserte.
Frå og med 1992 har SSB teke i bruk data frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) som grunnlag til utarbeiding av offisiell statistikk over elevar i grunnskolen.

Før 2011 blei det offentligjort foreløpige og endelege tal. Frå og med 2011 blir det berre offentligjort endelege tal.

Tal frå grunnskolestatistikken blir brukt av utdanningsmyndigheitene, statsforvaltaren og kommunane, mellom anna til planlegging, evaluering og til søknader om statsstøtte. Også forskarar, media, studentar med fleire er blant brukarane av grunnskolestatistikken.
GSI er også kjelde til KOSTRA-indikatorar for grunnskole, vaksenopplæring på grunnskolen sitt område og kulturskolar.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Data frå GSI er også kjelde for grunnskolestatistikk i KOSTRA og statistikk frå Utdanningsdirektoratet (Udir).

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 0452/2008 om utarbeiding og utvikling av statistikk over utdanning og livslang læring. Kommisjonsforordning (EF) nr. 88/2011 om gjennomføring av europaparlaments- og rådsforordning (EF) 0452/2008 med hensyn til statistikk over utdanning og opplæringssystemer.

Den offisielle grunnskolestatistikken i SSB inneheld informasjon om grunnskoleopplæring som går føre seg etter opplæringslova. Den inneheld data frå alle grunnskolar. Alle eigarhøve er medrekna; kommunale, interkommunale, fylkeskommunale og statlege skolar, private skolar som er godkjende av Utdanningsdirektoratet (Udir) etter privatskoleloven og private skolar uten tilskot. Norske skolar i utlandet og elevar ved desse er ikkje medrekna. Skolar utan elevar blir ikkje telt med.
I GSI blir det samla inn data mellom anna om elevtal, årstimar, årsverk, spesialundervisning etter einskildvedtak, opplæring av språklege minoritetar, målform, tilvalsfag, skolefritidsordninga og leksehjelp.

Den årlege innsamlinga av data skjer gjennom Grunnskolens informasjonssystem (GSI).

Statistikken er laga på grunnlag av summariske oppgåver om den einskilde skole. Kvar haust samlar ein inn data med teljetidspunkt 1. oktober for det skoleåret ein er inne i. Den einskilde skolen og kommunen har saman ansvaret for å samle inn data fra sitt område. Statsforvaltaren har ansvaret for dei private, fylkeskommunale og statlige einingane, og at kommunane har meldt ferdig. Det er lagt inn automatiske kontrollar i innrapporteringsløysninga i form av feil og varslar. Desse må sjekkast før ein kan gi frå seg data til eit høgare nivå.

Etter at statsforvaltaren har kontrollert og meldt sine data ferdige, overtek Udir og SSB dataene og gjennomfører eigen kontroll av data som eventuelt blir følgt opp av statsforvaltaren.

Ikkje relevant

Tilsette i SSB har teieplikt.

SSB offentleggjer ikkje tal dersom det er fare for at bidrag frå oppgåvegivar kan bli avslørte. Dette fører til at tal som hovudregel ikkje blir publiserte dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, eller dersom bidrag frå ein eller to oppgåvegivarar utgjer ein svært stor del av celletotalen.

SSB kan gjere unntak frå hovudregelen dersom det følgjer av krav til statistikk i EØS-avtalen, oppgåvegivar er offentleg myndigheit, oppgåvegivar har samtykt, eller når opplysningane som blir avslørte er ope tilgjengeleg i samfunnet.

Meir informasjon finn du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metodar i offisiell statistikk.

For variablane morsmålsopplæring, særskild norskopplæring og spesialundervisning vil celler med færre enn 3 observasjoner bli prikket.

Samanlikningar med tidlegare årgangar av statistikken: Frå og med 1992 er grunnskoledata henta frå GSI. Tabellar over elevar og klasser som i 1979 og tidlegare hadde nemninga Grunnskoleutdanning kan frå 1980 samanliknast med tilsvarande tabellar under nemninga Grunnskolar. Frå og med 2003 samlast det ikkje inn opplysningar om klasser i grunnskolen. Det heng saman med endringar i opplæringsloven som blei gjorde i 2003. Frå og med skoleåret 2011/2012, er spesialskolar og ordinære skolar slått saman i GSI. For å få samanliknbare tal, har vi ved offentleggjeringa i 2012 slått saman spesialskolar og ordinære skolar bakover i tid. Av denne årsaka vil tal som er publiserte før 2012 avvike frå tala som blei publisert i 2012.

Oppgåvegivarane kan gi mangelfulle eller feilaktige opplysningar. Mange av desse feila blir fanga opp av kontrollane i skjemaet eller blir oppdaga på eit nivå høgare. Feil kan også oppstå gjennom arbeidet med editering og behandling av oppgåvene.

Utvalet dekkjer heile populasjonen.

Ikkje relevant

Kontakt