Data om vaksne i grunnskoleopplæring blir kvart år samla inn i Grunnskolens informasjonssystem (GSI) (udir.no). Sidan dataene som blir samla inn i GSI ikkje er på individnivå, er det mykje informasjon vi ikkje har om deltakarane. Hausten 2022 gjennomførte derfor Statistisk sentralbyrå (SSB) ei prøverapportering der vaksenopplæringssenter og kommunar rapporterte alle deltakarar for vaksne i grunnskoleopplæring. Sjå artikkelen "Hvem er deltakerne i grunnskoleopplæring for voksne?". Den første ordinære rapporteringa for kommunar og vaksenopplæringssenter gjekk føre seg hausten 2023. Oppgåvegivarane skulle rapportere alle deltakarar som fekk grunnskoleopplæring etter § 4A-1 i opplæringslova. Perioden dei skulle rapportere frå var 1. august 2022 til 31. juli 2023. Alle kommunale opplæringssenter og kommunar som også rapporterer til GSI deltok i undersøkinga. Alle opplæringssenter og kommunar svarte på undersøkinga, til saman 163 oppgåvegivarar rapporterte inn sine tal. Ti kommunar/opplæringssenter hadde ingen deltakarar å rapportere.
Ny statistikk for vaksne i grunnskoleopplæring viser at 8 150 personar deltok i grunnskoleopplæring for vaksne i skoleåret 2022/2023. Sju av ti deltakarar var kvinner. Dei fleste deltakarane var Personar som er fødde i utlandet av to utanlandsfødde foreldre og fire utanlandsfødde besteforeldre., og det var flest deltakarar med landbakgrunn frå Syria, Somalia og Eritrea. Andelen kvinner varierer mykje blant dei ulike landbakgrunnane. For deltakarar frå Syria, Somalia og Eritrea var andelen kvinner høvesvis 59, 84 og 70 prosent. Den lågaste kvinneandelen hadde deltakarar med landbakgrunn frå Ukraina med 47 prosent.
Få deltakarar frå Ukraina trass i mange flyktningar frå landet
Sidan mange av deltakarane i grunnskoleopplæring for vaksne er innvandrarar, er det naturleg å sjå opplæringa i samanheng med innvandring til Noreg. Statistikken innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre viser at ukrainarar var den nest største innvandrargruppa i Noreg i 2023. Likevel var det berre drygt 100 vaksne grunnskoledeltakarar frå Ukraina. Det kan tyde på at innvandrarar frå ulike land kan ha ulikt behov for grunnskoleopplæring.
– Vi ser at det er spesielt mange kvinner frå afrikanske og asiatiske land blant deltakarane samanlikna med kor mange i denne gruppa som bur i Noreg. Det kan mellom anna henge saman med at denne gruppa har hatt mindre tilgang til grunnskoleopplæring i heimlandet, seier seniorrådgivar Per Torstein Tuhus.
Kvinnelege deltakarar hadde lengre butid enn mannlege
Nærmare 60 prosent av deltakarane hadde Viser butida i heile år frå første opphaldsdato i landet og fram til referansedato. i Norge på seks år eller kortare. Det betyr at dei fleste har komme til landet relativt nyleg og starta eit opplæringsløp, til dømes gjennom introduksjonsordninga. Dei kvinnelege deltakarane hadde i gjennomsnitt lengre butid enn dei mannlege. Til dømes hadde 45 prosent av kvinnene butid på sju år eller meir. For menn var det berre 25 prosent som hadde det same.
Yngre menn og eldre kvinner
På same måte som med butid kan ein også sjå markerte forskjellar mellom kjønna i alder. Halvparten av dei mannlege deltakarane var i alderen 16-29 år, mens for dei kvinnelege deltakarane var 64 prosent i alderen 30-49.
SSB sin statistikk for vaksne i grunnskoleopplæring vil i åra framover kunne følgje deltakarane over tid. Det vil gi innsikt i kor mange av deltakarane som oppnår vitnemål i løpet av opplæringsperioden. Statistikken vil i tillegg kunne vise om dei startar i vidare utdanning og om dei er sysselsette etter opplæringa.
– Med informasjon om kven som fullfører grunnskoleløpet og kva som kjenneteiknar dei som avbryt, kan det vere moglegheiter for styresmaktene å setje inn tiltak som kan bidra til at fleire oppnår vitnemål og kvalifiserer seg til vidare utdanning eller arbeid, seier Tuhus.
Med den nye opplæringslova som trer i kraft 1. august 2024 blir det innført modulstrukturert grunnskoleopplæring for vaksne (hkdir.no). Mange kommunar har allereie deltatt i modulforsøket som har gått føre seg i perioden 2017 til 2024. Rapporteringa for skoleåret 2022/2023 viser at litt under halvparten, eller 3 800 av deltakarane har fått modulstrukturert opplæring, og at det er variasjonar ut ifrå kor ein bur i landet. Det var flest deltakarar som tok fag på dei høgaste modulane. Til dømes var det 58 prosent som deltok på modul tre eller modul fire i faget norsk for språklege minoritetar.