Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Arbeidsløysa på 4,6 prosent
Det var 128 000 arbeidslause i april, justert for sesongvariasjonar. Den sesongjusterte arbeidsløysa har vore om lag uendra sidan august 2015.
April 2016 | Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode | |
---|---|---|
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden. | ||
Arbeidslause personar | 128 000 | -4 000 |
I prosent av arbeidsstyrken | 4,6 | -0,1 |
Sysselsette personar | 2 650 000 | -11 000 |
I prosent av befolkninga | 67,5 | -0,4 |
Arbeidskraftundersøkinga (AKU) har vist ein gradvis auke i arbeidsløysa frå 3,2 prosent i mai 2014 til 4,6 prosent i august 2015. Den sterkaste auken kom blant menn. Sidan august 2015 har den sesongjusterte arbeidsløysa samla sett vore nokså stabil på rundt 130 000, som svarar til om lag 4,6 prosent av arbeidsstyrken.
Frå januar (gjennomsnitt desember-februar) til april (gjennomsnitt av mars-mai) viser AKU at det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk ned med 4 000. Dette er ei endring som er innanfor feilmarginen. Til samanlikning var talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV uendra frå januar til april. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.
Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal?
Sidan den førre publiseringa er arbeidsløyseprosenten for mars (gjennomsnitt av februar–april) justert ned frå 4,7 til 4,6 prosent. Slike justeringar er vanlege når ein kvar månad reknar ut heile tidsserien på ny.
Små endringar i sysselsettinga
AKU viser at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk ned med 11 000 frå januar (gjennomsnitt desember-februar) til april (gjennomsnitt av mars-mai). Det er ei endring som er innanfor feilmarginen. AKU har berre vist små endringar i det sesongjusterte talet på sysselsette sidan årsskiftet 2014/2015. Like fullt har det sesongjusterte talet på sysselsette under 25 år gått ned i den same perioden, medan tilsvarande tal for personar på 25 år og over har gått noko opp.
Arbeidsløysa framleis ned i EU
I EU sett under eitt var arbeidsløysa på 8,7 prosent i april og har gått ned 0,2 prosentpoeng frå januar. I Tyskland utgjorde dei arbeidslause 4,2 prosent av arbeidsstyrken i april, som inneber ein nedgang frå 4,3 prosent i januar. I Frankrike gjekk også arbeidsløysa ned i denne perioden, frå 10,1 til 9,9 prosent. Arbeidsløysa i USA gjekk opp frå 4,9 prosent i januar til 5,0 prosent i april.
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62