Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Færre konfliktar på arbeidsplassen
I 1989 sa 39 prosent av dei tilsette at dei av og til eller ofte opplevde konfliktar mellom tilsette og leiinga. I 1993 var talet stege til 42 prosent. I 1996 sank det til 34 prosent, og i 2000 var delen som opplevde slike konfliktar nede i 31 prosent.
Den same tendensen gjaldt for forholdet mellom tilsette. I 1989 var det 26 prosent og i 1993 27 prosent av dei tilsette som oppgav at dei av og til eller ofte opplevde konfliktar mellom tilsette. I 1996 gjekk denne delen ned til 21 prosent og i 2000 var delen nede i 18 prosent.
Derimot er det tendensar til at fleire opplever konfliktar med kundar, klientar, elevar og liknande. Delen som ofte eller av og til opplevde slike konfliktar auka frå 15 prosent i 1996 til 18 prosent i 2000. Om lag halvparten av alle tilsette seier at arbeidet i høg grad er bestemt av kundar, klientar, elevar og liknande.
Kvinner mest utsette for vald og trakassering
Heile 11 prosent av sysselsette kvinner i alderen 16-24 år oppgjev at dei eit par gonger i månaden eller oftare vert utsette for uønskt seksuell merksemd, kommentarar eller liknande. Gjennomsnittet for alle kvinner er på 4 prosent og 1 prosent for menn. Det er også ein større del kvinner enn menn som gjev opp at dei er utsette for vald eller trugsmål om vald i samband med arbeidet. 8 prosent av sysselsette kvinner seier at dei eit par gonger i månaden eller oftare er utsette for vald eller trugsmål om vald, mot 4 prosent av sysselsette menn.
Meir kontroll over korleis tilsette skal utføra arbeidet
Ein av fire seier at dei i høg grad kan bestemme kva for arbeidsoppgåver dei skal få, om lag det same som i 1996. Derimot verkar det som om kontrollen over korleis tilsette skal utføra arbeidet har auka. 57 prosent av tilsette seier i 2000 at dei i høg grad kan bestemme korleis dei skal utføra arbeidet, ein nedgang på 7 prosentpoeng sidan 1996. Det har i same periode også vore ein nedgang i delen som seier at dei i høg grad kan bestemme kva for kvalitetskrav som skal stillast, frå 43 prosent i 1996 til 37 prosent i 2000. Berre når det gjeld høve for å styra tidsfristar og arbeidstempo har det ikkje vore nedgang. Tvert imot tyder tala på ein liten auke i sjølvstyringa.
Alle indikatorar på sjølvstyre i arbeidet tyder på at denne er større for menn enn for kvinner. For menn er det samtidig ein klar tendens at dess eldre ein blir dess større kontroll har ein over både utføringa og kvalitetskrava i arbeidet. For kvinner er biletet noko annleis. Tilsette kvinner i alderen 25-44 år har høgare sjølvråderett enn yngre kvinner (16-24 år) og like høg eller høgare sjølvråderett enn eldre kvinner (45-66 år).
Det er også fleire menn enn kvinner som i høg grad kan bestemme når ein skal ta ferie og fridagar, 48 prosent menn mot 38 prosent kvinner, og som har fleksitid eller ikkje må møte til bestemt tid, 34 prosent menn mot 26 prosent kvinner.
Kvar fjerde mann kan setja eige eller andre sitt liv i fare ved feil
24 prosent av sysselsette menn svarar at dei mesteparten av tida kan setje eige eller andre sitt liv i fare ved feil, mot 16 prosent av sysselsette kvinner. Også når det gjeld materielle skadar eller produksjonstap som følgje av feil er det store skilnader på menn og kvinner. 33 prosent av sysselsette menn seier dei mesteparten av tida kan gjere feil som fører til tydelege materielle skadar eller produksjonstap, mot 8 prosent av sysselsette kvinner.
Små endringar i det fysiske arbeidsmiljøet
Frå 1996 til 2000 er det små endringar i det fysiske arbeidsmiljøet. For dei aller fleste indikatorar er det like store eller litt mindre delar som oppgjev å vere utsette for ulike fysiske arbeidsmiljøbelastningar. Menn er meir utsette enn kvinner for sterk kulde, med 11 prosent av sysselsette menn mot 3 prosent av sysselsette kvinner, og for støv, gass eller damp, med 13 prosent av sysselsette menn mot 5 prosent av sysselsette kvinner. Menn er også meir utsette for sterk støy og vibrasjonar enn kvinner, belastningar som i stor grad er knytte til industriarbeidsplassar.
Når det gjeld dårleg inneklima er det fleire kvinner enn menn som oppgjev at dei er utsette for dette, med 43 prosent av sysselsette kvinner mot 25 prosent av sysselsette menn.
Fleire kvinner enn menn seier dei er utsette for ergonomiske belastningar. Det er då også ein av fire kvinner som seier det er stor risiko for belastningsskadar i arbeidet deira, samanlikna med ein av seks menn. Derimot er det dobbelt så stor del menn som kvinner som seier at det er stor risiko for arbeidsulykker, 8 prosent menn og 4 prosent kvinner.
Det er store skilnader mellom kvinner og menn når det gjeld bruk av verneutstyr. Ein av fem menn som er utsette for sterk støy brukar aldri hørselsvern, medan det same gjeld for fire av fem kvinner. Noko mindre skilnader er det når det gjeld bruk av vern mot ureina luft, halvparten av menn og tre av fire kvinner som er utsette for slik ureining nyttar aldri verneutstyr. Det er liten skilnad mellom kvinner og menn når det gjeld bruk av verneutstyr mot stoff som irriterer huda, om lag ein av tre som er utsette brukar aldri vern. Desse skilnadene speglar sannsynlegvis først og fremst forskjellar i kva jobbar menn og kvinner har, til dømes er delen menn i typisk industriarbeid stor. Men det kan også i nokon grad spegla at menn som er utsette for ulike belastningar er noko meir alvorleg utsette enn kvinner.
Tabeller:
- Tabell 1 Fysisk arbeidsmiljø etter alder. Alle. Prosent
- Tabell 2 Fysisk arbeidsmiljø etter alder. Menn. Prosent
- Tabell 3 Fysisk arbeidsmiljø etter alder. Kvinner. Prosent
- Tabell 4 Organisatorisk arbeidsmiljø etter alder. Alle. Prosent
- Tabell 5 Organisatorisk arbeidsmiljø etter alder. Menn. Prosent
- Tabell 6 Organisatorisk arbeidsmiljø etter alder. Kvinner. Prosent
- Tabell 7 Løn og utdanning etter alder. Alle. Prosent
- Tabell 8 Løn og utdanning etter alder. Menn. Prosent
- Tabell 9 Løn og utdanning etter alder. Kvinner. Prosent
Tilleggsinformasjon
For omtale av datainnsamling og spørreskjemaer, se: Levekårsundersøkelsen om arbeidsmiljø 2013 - Dokumentasjonsrapport
Kontakt
-
Mari Lande With
E-post: mari.lande.with@ssb.no
tlf.: 98 43 36 65
-
Håvard Bergesen Dalen
E-post: havard.dalen@ssb.no
tlf.: 40 90 23 50