Ifølge I sesongjusteringsprosessen blir serien spaltet opp i tre komponenter: sesong, irregulær (tilfeldig variasjon) og trend. Trenden representerer den langsiktige tendensen og konjunktursyklusen. frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) låg I AKU blir man rekna som arbeidslaus om man ikkje har inntektsgivande arbeid, og prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker om man fikk tilbud om ein jobb. på 4,0 prosent i september, det same den har vore sidan mars. 

– Nye tal frå AKU stadfestar bildet vi har sett dei seinaste månadene, at arbeidsmarknaden er stabil, seier Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.

Figur 1. Arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken. Personar 15-74 år, trendtall og sesongjusterte 3-månaders glidande gjennomsnitt

Talet på andelen sysselsette er også uendra

Sysselsettingsprosenten i september var 69,7¹ prosent. Også dette talet var uendra samanlikna med august. 

Talet på Sysselsette er dei som utførte inntektsgivande arbeid i minst ein time i referanseuka, og personar som har eit slikt arbeid men som var midlertidig borte grunna sykdom, ferie, lønna permisjon eller liknande. var 2 893 000 i september. Det var 3 000 fleire enn i august. Sidan det også blei fleire busette i Noreg i september, var andelen sysselsette uendra frå august. 

Figur 2. Sysselsette i prosent av befolkninga. Personar 15-74 år, trendtal og sesongjusterte 3-månaders glidande gjennomsnitt

Det er publisert ein ny tabell over arbeidsledige i AKU sin eventuelle arbeidssøkarstatus i NAV. Tabellen inneheld tal for åra 2021-2023 og vil bli oppdatert med nye tall kvart år framover. Sjølv om det er dei same underliggande kriteria som ligg til grunn for å bli definert som arbeidsledig i AKU og i NAV sin statistikk, blir tala forskjellige. Den viktigaste årsaka til at tala blir forskjellige heng saman med måten opplysningane blir samla inn på; NAV-tala er fullteljing av alle som er registrert heilt ledige i NAV, mens tala frå SSB sin Arbeidskraftundersøking (AKU) er basert på svar fra et intervju med eit utval av heile befolkninga.

Trendtala har alltid ei viss revisjonsuvisse, særleg i slutten av tidsserien. Trendtala representerer den meir langsiktige tendensen i datamaterialet, og det omfattar òg konjunkturane. Trenden kan ofte verte revidert noko når nye observasjonar vert tatt med, særleg mot slutten av tidsserien. Dette heng saman med at berekninga av trendtala i slutten av tidsserien delvis bygger på framskrivingar, som det alltid vil vere uvisse rundt. Sidan desse framskrivingane kan endre seg når vi får inn nye data og gjer trendberekningane på nytt, kan retninga som trendtala indikerer ved ei publisering for ein gitt månad endre seg ved publiseringa for den neste månaden. Både sesongjusterte tal og trendtal kan bli endra, også bakover i tid, når det kjem til nye observasjonar – men slik revisjonsuvisse er klart størst for trendtala i slutten av tidsserien. 

I tillegg til revisjonsuvissa er det òg utvalsuvisse i resultata frå AKU fordi dei bygger på opplysningar som er gjevne av eit utval av befolkninga. For dei tre månaders glidande gjennomsnitta av sesongjusterte månadstal tar vi utgangspunkt i feilmarginar på +/- 10 000 for arbeidslause og +/- 18 000 for sysselsette. Feilmarginane viser kor stor endringa i AKU må vere før vi kan vere nokså sikre på at det har skjedd ei endring. 

I tillegg kan resultata frå månad nummer éin og to i kvartalet verte endra noko ved publiseringa av påfølgjande månad. Desse to månadene vert berekna på nytt påfølgjande månad i kvartalet fordi datamaterialet vert supplert med intervju som SSB ikkje rakk å få med innan publiseringsfristen for månad éin og to. Vi nyttar da òg meir oppdatert informasjon om heile populasjonen frå A-ordninga og Folkeregisteret. 

¹ Tallet ble rettet fra 72,6 til 69,7 prosent den 24. oktober 2024 kl. 08.15.